Regelverket har mellom anna som mål å fremje meir innovasjon innan skipsbygging i Europa og går lenger i å legge til rette for det. Dei nye reglane skal vere meir oppdaterte i høve til spesialiseringa innan verftsindustrien, som er blitt meir tydeleg no enn før.
Statsstøtte i EU
Etter reglane er statsstøtte ulovleg i EU-området. At dette er tillatt innan skipsbygging, er difor eit unntak og handlar mykje om at EU ønskjer å verne om eigen industri i høve til konkurranse frå resten av verda, særleg Asia. Gjennom EØS-avtalen vil dette nye regelverket også bli gjeldande for Norge. Men i praksis er det ingen store endringar i høve til slik dei gjeldande reglane blir praktisert her i landet. Einaste skilnaden er at virkeområdet av regelverket blir utvida til bygging av skip i kanalfart og til bygging av “floating and moving offshore structures”.
Frå norsk side har ein vore skeptisk til å rommet for statsstøtte til denne industrien i Europa. Dette fordi vår verftsindustri klarar seg relativt sett bra og ein ønskjer ikkje å risikere meir subsidiert konkurranse frå annen europeisk industri.
For meir detaljar, sjå pressemeldinga frå Europakommisjonen