Treng du ein mentor?

Mentortenesta er eit tilbod til deg som er dagleg leiar i ei gründerbedrift.Vi oppfordrar spesielt kvinner og unge under 35 år til å søke.

Har du ambisjonar om langsiktig vekst ut over den lokale marknaden? Er bedrifta samstundes i bedriftsutviklings- eller marknadsintroduksjonsfasen og er basert på ein unik forretningsidé, er du i målgruppa. 

Få ein mentor frå næringslivet

Du vil få tilbod om ein samtale med organisasjonen Connect der de diskuterer motivasjonen og forretningsideen din. Organisasjonen har eit stort nettverk i næringslivet,og vil finne ein mentor som passar for di bedrift. 

Du får tilbod om:

  • Éin-til-éin-samtalar med ein mentor over ein periode på seks til tolv månader
  • Vi dekkjer opp til 50.000 kr inkl. mva. av kostnadene dine, det tilsvarer om lag 40 timar med mentoring
  • Deltaking på opp til to nettverkssamlingar. Målet med nettverkssamlinga er at du som     gründer deler erfaringane dine, samstundes som du haustar lærdom frå andre i same situasjon.

Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold kan dessverre ikkje søke særskilt om Mentortenesta i 2013, men tenesta kan leggast inn som ein del av eit etablerartilskot i desse fylka. Kontakt ein rådgjevar ved ditt lokale kontor for meir informasjon om denne løysinga.

Kontakt
Tom Falk Hald
Seniorrådgjevar


Telefon: 22 00 25 27