Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Anne Mette HoelTelefon: 22 00 27 89

Designrådgjeving: Vi gjev deg konkurransefordelar

Treng du hjelp med merkevarebygging, industri- og produktdesign, interaksjonsdesign, visuell identitet, eller berre med å forstå kva for designbehov bedrifta di har? Ta kontakt med ein av designrådgjevarane våre.

Vi kan hjelpe bedrifter som ikkje har brukt profesjonelle designtenester før, og bedrifter som ønskjer å bruke design som eit strategisk verkemiddel i forretningsutviklinga.

 

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med:

  • å forstå kva designbehov bedrifta di har
  • å definere ambisjonsnivå og rekkjefølgja på prosjekta
  • rådgjeving om designprosessen
  • å få laga ein designbrief for prosjektet ditt
  • å finne fram til rett designkompetanse for prosjektet ditt


Dette kan vere aktuelle prosjekt:

  • Merkevareprosjekt for strategisk forankring og rett bruk av design før designprosjektet startar
  • Brukarstudiar for å sikre at produktet fyller kunden sitt behov før designprosjektet blir sett i gang
  • Produkt- og industridesignprosjekt som sikrar funksjonelle, estetiske og attraktive løysingar for brukaren
  • Utvikling av visuell identitet som kommuniserer bedrifta sine merkeverdiar gjennom ulike kanalar
  • Interaksjonsdesignprosjekt som sikrar at teknologi, design og innhald utgjer ei god brukaroppleving

 

Vi ser fram til å høyre frå deg.