Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Anne Mette HoelTelefon: 22 00 27 89

Design: Slik kjem du igang

Er du usikker på kva du treng for å starte eit designprosjekt? Vi har samla råd og tips om kva du bør gjere før du kjøper profesjonelle tenester.

Det er viktig å vere medviten om kva som faktisk er designbehovet ditt, og å vere budd på at prosessen er eit tett samarbeid mellom deg og designbyrået. Saman må de utarbeide ei skildring av behovet og ein kravspesifikasjon for oppgåva designaren skal løyse. Dette blir kalla ein designbrief.

 

Vi samarbeider tett med Norsk Designråd, og saman tilbyr vi rådgjevingstenester tilpassa kvar einskild bedrift. På Designbasen.no har vi samla dei viktigaste verktøya for deg som planlegg eit designprosjekt.

 

Vi rår deg til å starte der, både for å finne ut korleis du går fram, korleis du brukar design som verkemiddel og ikkje minst for å unngå feil i designprosjektet.

 

Lukke til med prosjektet ditt.