Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Anne Mette HoelTelefon: 22 00 27 89

SkatteFUNN: Skattefrådrag for FoU-design

Planlegg du designdriven innovasjon som gjev kostnader til forsking og utvikling? Då kan prosjektet ditt kvalifisere for frådrag under SkatteFUNN-ordninga.

Bedrifter kan få 20 prosent frådrag i skatt på kostnader til FoU-arbeid dersom prosjektet blir godkjent av Noregs forskingsråd. Dette er ei rettigheitsbasert ordning for skattytarar i Noreg, og gjeld alle bedrifter og næringar uansett om føretaket er i skatteposisjon eller ikkje.

 

Prosjekt som skal kvalifisere til SkatteFUNN må skaffe fram ny kunnskap, informasjon eller erfaring som kan gje nye eller betre produkt, tenester eller produksjonsmåtar. Dette skal gjerast gjennom å:
 

  • motivere næringslivet til å auke satsinga på FoU-baserte nyskapingstiltak
  • hjelpe føretak til å arbeide systematisk med FoU
  • skape medvit om FoU som strategisk verkemiddel for morgondagens bedrifter
  • heve Noreg i den internasjonale konkurransen – både verdimessig og i FoU-innsats i høve til BNP

 

Søk innan 1. september. Då er du garantert at saka blir handsama og godkjend for inneverande år. Alminneleg bedriftsorientert produktutvikling utan forskingspreg blir ikkje godkjend.

 

Noregs forskingsråd administrerer SkatteFUNN i samarbeid med Innovasjon Noreg.