Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Anne Mette HoelTelefon: 22 00 27 89

Marknadsorientering: Veit du eigentleg kva kundane dine vil ha?

Kven er kundane dine, og kva er dei villige til å betale for? Dersom du er marknadsorientert, har du større sjansar til å lukkast. Kontakt oss, så skal vi hjelpe deg vidare.

God kunnskap om marknader og målgrupper er ein føresetnad for å lukkast. Ei marknadsorientert bedrift satsar målretta på det marknaden treng, medan ei produktorientert bedrift først og fremst konsentrerer seg om å selje det den kan produsere.

 

Vi kan hjelpe deg som treng meir kunnskap om brukarane av produktet ditt eller tenestetilbodet. Vi kan hjelpe deg med ein situasjonsanalyse av marknaden, konkurrentane og moglegheitene.

 

Finn ut kvar du kan bli betre
Du kan få hjelp til å kartleggje forbetringsområde i leveransane dine og kommunikasjonen mot marknaden, og til å prioritere dei oppgåvene som er viktigast for å lukkast.

 

Rådgjevarane våre kan òg vise deg korleis du kan byggje eit godt omdøme for bedrifta, og korleis du får på plass alt frå merkevarestrategi til digital strategi.

 

Vi ser fram til å høyre meir om kva du driv med.