Store utfordringar for konkurranseutsett industri
Analysar frå årets utgåve av konjunkturbarometeret TEMP visar at Møre og Romsdal så langt har vore relativt lite råka av finanskrisa gjennom 2009. Utsiktane for neste år er også rimelig gode, men deler av konkurranseutsett industri, ein svært viktig del av næringslivet i fylket, står framfor store utfordringar i 2011-2012.
Professor Arild Hervik ved Høgskolen i Molde seier at hovudforklaringa på den relativt stabile utviklinga i fylket så langt først og fremst skuldast den rekordstore ordremassen som maritim sektor og resten av dei petroleumsrelaterte næringane kunne tære på i 2009, men også andre nøkkelnæringar som til dømes fiskeoppdrett har virka stabiliserande. I 2011 vil den maritime næringa møte store problem – utan ny ordretilgang.
Svake utsikter for industrien
- Utsiktene for industrien i fylket er svake, men ein ventar vekst i aktivitetsnivået innanfor privat tenesteyting og offentleg sektor seier Inge Furre, sjeføkonom i Sparebanken Møre, og viser til prognosar som er utarbeidde av SSB. Totalt vil produksjonsveksten i fylket dei næraste to åra ikkje bli sterk nok til å unngå ei viss auke i arbeidsløysa.
Arbeidsmarknaden
- Så langt har arbeidsmarknaden vore langt betre enn prognosane frå same tid i fjor skulle tilseie, påpeiker Rolf Lossius, avdelingsdirektør i NAV Møre og Romsdal. - Vi har framleis låg arbeidsløyse i fylket, men ventar at gjennomsnittsledigheita vil auke til nesten fire prosent i 2010 og 2011. Det opne spørsmålet er om den maritime klynga igjen vil takle utfordringa i ein lågkonjunktur, eller om store delar av denne næringa vil vere brutalt svekka innan neste konjunkturoppgang.
Mangel på kompetent arbeidskraft
Administrerande direktør Bjørn Tunheim i Innovasjon Norge Møre og Romsdal seier at det er mangel på kompetent arbeidskraft i fylket, og valutasituasjonen er ei utfordring for mange eksportbedrifter. Investeringar i innovasjon og kompetanse vil framleis vere ein nøkkel for konkurransekraft og framtidig lønnsam bedriftsutvikling.
Omstillingsevne
- Eg registrerar at ein i mange bransjar alt er komen langt i å få på plass ein beredskap for å møte utfordringane med omstilling, kompetanseutvikling, innovasjon og nye marknader seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen. – Kanskje endå viktigare framover blir det å ikkje tape kampen om kompetansen – for å sikre omstillingsevne og vekstkraft må vi styrke vår attraktivitet som bu- og arbeidsmarknad.
”TEMP” er utarbeidd av Møre og Romsdal fylke, Sparebanken Møre, Innovasjon Norge, NAV, og Møreforsking Molde. Barometeret tar føre seg trendar innan sentrale næringar og samfunnsutvikling i Møre og Romsdal.
For meir informasjon:
Fylkesplansjef Ole Helge Haugen: 996 28 055
Sjeføkonom Inge Furre: 958 19 060
Direktør Bjørn Tunheim: 416 69 8 46
Professor Arild Hervik: 950 53 487
Direktør Rolf Lossius : 959 97 403