Omstilling i kommunane
Kva er regional omstilling?
Regional omstilling er ein ekstraordinær innsats i inntil 6 år i kommunar og regionar med einsidig næringsgrunnlag og store omstillingsbehov. Områder med stor avhengigheit til hjørnesteinsbedrifter, behov for omstrukturering av næringslivet eller at forsvaret legg ned si verksemd kan gi grunnlag for omstillingsstatus.
Målsetting
Den overordna målsettinga er å bidra til å styrke næringsgrunnlaget gjennom etablering av lønnsamme arbeidsplassar og auka verdiskaping. I dette ligg mellom anna ein meir robust og variert næringsstruktur med mulegheiter for sysselsettings for både ungdom, kvinner og menn. Innsatsen skal bidra til å styrke evna til næringsutvikling med vekt på eit heilskapleg samfunnsperspektiv.
Organisering
Innovasjon Norge (IN) har på vegne av fylkeskommunen ansvaret for kvalitetssikringen av omstillingsarbeidet i den enkelte omstillingskommune. Arbeidet går ut på å vere å være rådgjevar, pådrivar og oppfølgjar av omstillingsarbeidet. I Sogn og Fjordane er det Rune Fromreide som har ansvar for omstillingsarbeidet i Innovasjon Norge.
Tenester
Det er utvikla ei rekkje med verkty/tenester innanfor arbeidsfeltet regional omstilling. Ein kortversjon av tenestene finn du
her.
For leiarane i omstillingsselskap finns det ei verktøykasse med malar
her.
Omstillingskommunar
IN er engasjert i ein 20-tals omstillingsprogram over hele landet.
I Sogn og Fjordane er følgjande kommunar definert som omstillingskommunar:
Følgjande kommunar har vore omstillingskommunar: