Marknadsorientering
Ei marknadsorientert bedrift tek utgangspunkt i behovet til kunden og forsøke å tilfredstille desse betre eller annleis enn konkurrenten.
Innovasjon Norge ønskjer å stimulere til auka marknadsorientert produktutvikling og innovasjon, kor ein tek på alvor at det er marknaden som bestemmer om ein får solgt produkt eller tenester.
Ved å fokusere på dei forskjellige aspekta i marknaden gjennom heile produktutviklinga - frå ein idé ser dagens lys til produktet er ferdig produsert - økar sjansen for at produkter blir ein suksess i møte med marknaden.
Det krevs då at ein set seg grundig inn i dei forskjellige aspekta i marknaden og skaffar seg innsikt i målgruppas behov, kjøpsprosessar, ulike bruksmåtar samt kva og kven ein konkurrerar med.
Både merkevarebygging og omdømebygging er effektive verktøy i å bli meir marknadsorientert. Ei sterk merkevare har ein tydeleg posisjon i bevisstheita til kunden.
Jo sterkare merkevare, dess sterkare konkurransekraft og lønsemd for bedrifta. Videre er bedrifta si evne til å innrette heile organisasjonskulturen for å bygge opp under banda til kunden og å skape eit godt omdømme mot omgjevnaden avgjerande.
Eit godt omdøme er også avgjerende i ei stadig mer internasjonal kamp om kunder, kapital og kompetanse. Mange norske bedrifter har ikkje dei ressursane som skal til for å drive omdømebygging.
Samarbeid med andre bedrifter kan gi omdømmearbeidet større tyngde, og gje fordelar til alle involverte.
Innovasjon Norges støttar denne typen samarbeid og legg til rette for at bedrifter, klynger og nettverk kan samarbeide om strategisk omdømebygging.
Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har som mål å bidra til å auke marknadsorienteringa av fylkets bedrifter, og tilbyr derfor eit sett av ulike tenester under paraplyen Marknadsorientering.
Dette er: