Landbruk
Våre verkemiddel for landbruket kjem i hovudsak frå Bygdeutviklingsmidlane.
Bruk av Bygdeutviklingsmidlane er regulerte i nasjonale retningslinjer og meir detaljerte lokale føringar for Sogn og Fjordane gjennom
Strategi for landbruksrelatert nærings- og bygdeutvikling. Denne er utarbeidd av Fylkesmannen i samarbeid med bondeorganisasjonar, fylkeskommunen, kommunane og Innovasjon Norge.
Kontakt kommunen
Søknader til Innovasjon Norge om midlar til landbruk og verksemd knytt til landbruk skal fremjast gjennom kommunen. Du kan difor og ta kontakt med landbruksforvaltinga i din eigen heimkommune for meir informasjon, råd og rettleiing om søknadsprosedyren.