Skriv ut denne siden

Bedrifter i Sogn og Fjordane satsar på forskning

Bedriften i Sogn og Fjordane satsar på forskning og utvikling. I ei undersøking gjennomført av Telemarksforskning på oppdrag av Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, kjem det fram at Sogn og Fjordane er nummer to i landet når det gjeld andel bedrifter som har skatteFUNN prosjekt. 4,3 % av foretaka i fylket har fått godkjend minst eit prosjekt i SkatteFUNN. Berre Aust-Agder har større andel med 4,7 % av foretaka som har fått godkjend minst eit prosjekt i løpet av dei tre siste åra. I Sogn og Fjordane er det godkjent skattefunnprosjekt for 600 millionar kroner sidan ordninga vart oppretta i 2002 til 2005.
Det er særleg Nordfjord og Sogn vi finn høg andel av bedrifter med FoU-prosjekt godkjent av SkatteFUNN. Med 5,5 % og 5,4 % er desse to regionane rangert på fjerde og sjetteplass mellom dei 83 regionane i landet.
Sunnfjord har ein relativ lav andel med bedrifter med FoU og havnar på ein 58 plass i same periode.
 
I samband med handsaming av SkatteFUNN i 2006, er det til no 60 prosjekt i Sogn og Fjordane som er godkjende, med kostandsgrunnlag som vil gi skattefrådrag på om lag 35 millionar for bedriftene i 2006,2007 og 2008. Det er bedriftene i Flora kommune som har flest FoU prosjekt i 2006, med 16 prosjekt med 12 millionar i forventa skattefrådrag.
 
 
Kontaktpersonar:
Telemarksforskning: forsker/sosialøkonom Knut Vareide tlf. 35 06 15 06
Innovasjon Norge: direktør Halvor Flatland tlf. 57 65 19 60/ 95 78 14 93
 
 

Relatert