Skriv ut denne siden

Ordresituasjonen kraftig svekt

Ordresituasjonen til bedriftene er blitt mykje dårlegare gjennom 2009, og mange er heilt avhengige av å vinne nye ordrar i løpet av våren for å halde aktivitetsnivået oppe. Nesten halvparten av bedriftene innanfor industri og bygg og anlegg melder om lågare ordrereserve og kortare ordrehorisont enn for eitt år sidan. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane som blir presentert 21. januar.

Redusert ordrereserve i byggjenæringa
For byggjenæringa blei ordrereserven redusert med 8 prosent i tredje kvartal 2009 samanlikna med same kvartal i 2008. Tal frå bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret stadfester tendensen. Halvparten av bedriftene rapporterer om at både ordrehorisonten og ordreverdien er kortare i november 2009 enn han var ved inngangen til året. Dermed har næringa vesentleg kortare horisont for aktiviteten sin enn det som har vore tilfellet dei siste to–tre åra. Situasjonen er betre i anleggsnæringa, der ordrereserven framleis er stor, og også aukande. I tredje kvartal 2009 auka ordrereserven for anlegg med 25 prosent og var verdimessig på høgd med høgkonjunkturen i 2007.

Usikkert for ordrebasert industri
Den ordrebaserte industrien har framleis ei usikker tid framfor seg, for tredje kvartal 2009 blei ordrebøkene endå meir slunkne enn før. På landsbasis minka ordrereservane med ein tredel i denne perioden. Situasjonen er den same for industribedriftene
i Hordaland og Sogn og Fjordane. Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret viser at ordresituasjonen er svekt for 40 prosent av dei 234 bedriftene som har svart på undersøkinga. Verftsindustrien og mekanisk industri er særleg hardt ramma; her oppgir heile 40 prosent at ordreverdien er vesentleg redusert i 2009. Eit lyspunkt er at trevareindustrien ser ut til å ha nådd eit vendepunkt i marknaden, for nesten halvparten av bedriftene har auka ordrebehaldninga det siste året.

Uendra ordresituasjon for fleirtalet av transportbedriftene
For dei fleste transportbedriftene er ordreverdien og ordrehorisonten uendra hausten 2009 samanlikna med inngangen til året. Men nesten 30 prosent opplever at ordrehorisonten er kortare no enn tilfellet var ved inngangen til 2009.

Blir presentert torsdag 21. januar
I Sogn og Fjordane blir den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane presentert på eit arrangement på Fjord Base i Florø torsdag 21. januar. Her vil mellom andre fylkesordførar Nils R. Sandal ta del.
Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, NAV, NHO, Sparebanken Vest og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet med Næringsbarometeret, som byggjer på ei større bedriftsundersøking, er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar på Vestlandet.

 
Kontaktpersonar:
Frode Henden, avdelingsdirektør NAV Sogn og Fjordane, tlf. 918 35 704
Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge, tlf. 957 81 493
Endre Høgalmen, konstituert fylkesdirektør Sogn og Fjordane Fylkeskommune, tlf. 952 07 789
Karin Halle, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane, tlf. 416 19 200
Olav Hjelle, regionbanksjef bedriftsmarknad Sparebanken Vest , tlf. 917 15 561

Relatert