Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Kristine K. TimberlidTelefon: +47 55 55 93 42

Lasse Sætre, BI Bergen
Mobil: +47 982 51 616

Kurs: Få styrekompetanse

Utvida søknadsfrist!


Ønskjer du formell kompetanse innan styrearbeid? No startar vi opp at dei populære styrekompetansekursa våre. Søk før 1. mars.

Eit profesjonelt og mangfaldig styre er avgjerande for ei bedrift sin vekst. Vi har framleis for lite mangfald i norske styrerom, både når det gjeld kompetanse, kjønn, alder og kulturell bakgrunn.

I samarbeid med BI i Bergen ønskjer vi difor å tilby kurs for personar som vil styrke sin formalkompetanse innan styrearbeid. Eigenandelen på kurset er sett til 9 500 kroner.   

Kurset er poenggjevande og bestått eksamen gjev automatisk kvalifikasjon til oppføring i Styrekandidater.no. Det er eit avgrensa antal plassar.

Søknadsfristen er 1. mars.

Samlingane vil finne stad 28.-30. mars og 23.-24. mai. Eksamen finn stad første helga i juni.


Undervisninga vil føregå på BI Bergen, Campus Marineholmen, Thormøhlensgate 39, 5006 Bergen.