Vi kjem gjerne på besøk med relevante foredrag, workshops eller ein-til-ein-møte. Ta kontakt, så finn vi ut kva som er viktigast for forretningsutviklinga til kundane dine akkurat no.
Vi er opptekne av å ha god kontakt med dykk som jobbar tett med kundar ute i kommunane og næringshagane. Nokre gonger kan vegen opp til oss i Kaigaten 9 bli litt lengre enn vi ønskjer. Vi ønskjer ikkje at nyskapande bedrifter skal gå glipp av finansiering eller kompetansetilbod fordi informasjonen ikkje har nådd fram.
Tema vi kan ta med oss til din arena er til dømes:
- Generelt om Innovasjon Noreg sine ulike støtteordningar
- Korleis brukar du dei internasjonale kontora våre?
- Bransjemessige tilskot og kompetansehevande tiltak
- Marknadsorientering og design
- Moglegheiter i EU
- Skattefunn
- Lån
Eller vi kjem fram til passande tema i ein telefonsamtale.
Ta kontakt, vi skal vere der for dykk.