Har du ambisjonar om langsiktig vekst ut over den lokale marknaden? Er bedrifta samstundes i bedriftsutviklings- eller marknadsintroduksjonsfasen, og er basert på ein unik forretningsidé? Då kan kan du få ein mentor frå næringslivet.
Du får tilbod om:
-
Ein samtale med organisasjonen Connect der de diskuterer motivasjonen og forretningsideen din. Organisasjonen har eit stort nettverk i næringslivet, og vil finne ein mentor som passar for bedrifta di
-
Éin-til-éin-samtaler med ein mentor over ein periode på seks til tolv månader
-
Vi dekkjer inntil 50.000 kr inkl mva. av kostnadene dine, det tilsvarer om lag 40 timar med mentoring
-
Deltaking på inntil to nettverkssamlingar
Målet med nettverkssamlinga er at du som gründer deler erfaringane dine, samstundes som du haustar lærdom frå andre i same situasjon.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Vi oppmodar særskilt kvinner til å søkje.