Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Kjell BruvollTelefon: 22 00 26 33

Åge Bremer
Telefon: 55 55 93 86

Haaheim gaard har vunne den nasjonale Bygdeutviklingsprisen

Haaheim gaard på Tysnes i Hordaland har ifølge juryen snudd opp-ned på forestillingar om kva gardsturisme er, og er tildelt Bygdeutviklingsprisen for 2011 på 200.000 kroner.

Prisen blei overrekt gründer Torstein Hatlevik av landbruks- og matminister Lars Peder Brekk under Grüne Woche i Berlin. Haaheim vann konkurransen mot dei to andre nominerte; Toten Eggpakkeri og Aarholttunet gjestegård i Vestfold.

Foto er ved Christian T. Jørgensen / EUP-Berlin.com
 

Haaheim gaard har tidlegare vorte belønna med tilskot og kompetanseprogram frå Innovasjon Norge for pågangsmot, marknadsmessig teft og god gjennomføringsevne.

 

I vurdering av den lokale BU-prisen for 2011 har juryen særleg lagt vekt på følgjande:


  • søkjar sin evne til kvalitet, nytenking og samarbeid

  • økonomisk resultat og lokal sysselsetjing i ein distriktskommune med få arbeidsplassar

  • personen skaper entusiasme og er med på å utvikle liknande gardsturismeprodukt i fylket

  • han har med sin modige måte snudd opp-ned på forestillingar om kva gardsturisme er


I tillegg har Torstein Hatlevik ei grunnhaldning om at han svært gjerne deler sin kunnskap og erfaring for å utvikle bedrifta.

 

Byr på unike opplevingar
Sjokoladefestival, rosefestival, kammermusikkfestival, kokkekurs, rosehage og speling på lur er noko av det Hatlevik og sambuar Svein Henning Dyrhaug diskar opp med på garden. Gjestene elskar den personlege og unike opplevinga dei får og dei kjem igjen og igjen.

 

Etablererstipend til bygdeutvikling
Etablererstipend frå Bygdeutviklingsmidlane (BU-stipend) er eit tilbod til deg som utviklar og etablerer ny verksemd utanom tradisjonelt landbruk.  Den som får støtte må ha tilknyting til landbrukseigedom. Etablererstipend blir vanlegvis gjeve til enkeltpersonar, men kan også bli løyvd til foretak i etableringsfasen.