22.05.2012
Denne gongen fokuserer Næringsbarometeret på arbeidsinnvandringa og kva den betyr for rekruttering og folketalsutvikling. Sjå presentasjonen på internett eller hos Nor Tekstil i Florø.
21.05.2012
Linda Rognø i Inn på tunet-nettverket i fylket meiner det svarar seg for kommunen å kjøpe omsorg- og pedagogikktenester frå bøndene.
19.04.2012
Sist tysdag vart Maritim foreining Sogn og Fjordane skipa. 43 medlemar som sysselset heile 5000 arbeidsplassar er med i den nye foreininga.
30.03.2012
Treng du hjelp til å kome frå idéfasa til å utvikle eit ferdig produkt? Design Pilot er eit nasjonalt program som gir finansiering til å setje i gong ei idéfase der målet er å introdusere nye produkt, løysingar og tenester i marknaden.
29.03.2012
Fredag 30. mars overrekte ordførar Olav Lunden diplom og markerte at kontora til Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane er blitt Miljøfyrtårn. - Med dette ønskjer vi å vise at vi verkeleg tek miljøansvar, seier Halvor Flatland, direktør ved Innovasjon Noreg.
16.03.2012
Ny plantemetode der frukttrea står tett i tett, kan doble fruktavlingane og lette arbeidet med innhausting og stell av trea. Innovasjon Noreg gir no inntil 50 prosent tilskot til gardbrukarkar som vil rydde gamle frukthagar og plante ut tre med den nye metoden.
06.03.2012
- Det e itjnå som kjem tå sæ sjøl, syng Vømmøl Spellemannslag. Slik er det også med kvinner i næringslivet, skriv Halvor Flatland i eit tankevekkjande lesarinnlegg i samband med Kvinnedagen.
24.02.2012
13 gardbrukarar og lokalmatprodusenter har vore på studietur til Spania, og vart imponert over det tette samarbeidet mellom produsentane i regionen.
16.02.2012
I 2011 vart det løyvd totalt 255,4 millionar kroner til bedrifter/personar i Sogn og Fjordane, ein nedgang på 100 millionar frå 2010. Men det er stor investeringsvilje i industrien.
16.02.2012
Reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane ser lyst på året som kjem, trass i ei viss uro over utviklinga på den europeiske marknaden. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane.
10.02.2012
Bygdeutviklingsstrategien 2012: 900 000 i tilskot til driftsbygningar og rentestøtte for heile fjøslånet.
09.02.2012
Sauehuset til John Olav Husabø på Leikanger i Sogn kostar cirka 5000 per vinterfora sau. Dette er om lag halv pris av eit ordinært sauehus. Ved å tenkje utradisjonelt har han bygd eit billig fjøs som kan styrkje lønsemda i sauehaldet.
01.02.2012
Prosjektet «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» tilrår at fylket satsar på seks ulike næringar. Her svarar Jan Heggheim og Halvor Flatland på reaksjonane.
20.01.2012
Kva har Underdalsosten, Cider frå Ciderhuset, reinsdyrmørbrad frå Haugen Gardsmat og akevittmarinert laks frå Svanøy røykjeri til felles? Dei er blant delikatessene som skal selje Sogn og Fjordane under Grüne Woche, som startar i dag.
12.01.2012
Ynskjer du å bygge eit unikt nettverk med tilgang på erfaringar og kompetanse som grunnlag for å gjere godt styrearbeid? Då har me eit kurs for deg.
06.01.2012
Frukt- og bærnæringa slit med svak rekruttering. Særleg innan eple- og pæreproduksjon. Dette vil Arena frukt og bær-prosjektet gjere noko med.
05.01.2012
Heile 25 kandidatar vart lansert til fylkets første offisielle reiselivspris. No kjempar seks knallsterke finalistar om heider og 50 000 kroner. Kven skal du stemme på?
05.01.2012
I haust er det etablert fire nye bedriftsnettverk i Sogn og Fjordane som skal samarbeide om spennande opplevingar. Målet er auka lønsemd i reiselivsnæringa.
09.12.2011
Styret i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane har løyvd 1,5 mill kr til CSR Management i Bygstad som saman med PWC skal bidra til at Sogn og Fjordane skal bli ein føregangsregion i Norge innanfor samfunnsansvar.
01.12.2011
Den fylkesfordelte eksportstatistikken (eksklusiv olje og gass) viser at Sogn og Fjordane har ein kraftig eksportauke dei 10 fyrste månadene i år. Samanlikna med tilsvarande periode i 2010 har eksporten frå Sogn og Fjordane auka med om lag 16 prosent.
24.11.2011
Seevia vann Rosingprisen, IT-bransjen sitt svar på “Oscar”, i kategorien Smart IT, for utvikling av katalog til videokonferanser. Seevia takkar Innovasjon Noreg.
10.11.2011
Renteutviklinga i Innovasjon Norge har vore svært positiv den siste tida. Grunna låge innlånsrenter frå Staten tilbyr vi gunstige lånevilkår til nye prosjekt i bedrifter i Sogn og Fjordane.
14.09.2011
Valkampen er over og fleire politiske parti signaliserar auka sentersatsing og at det skal skapast fleire kunnskapsbedrifter i Sogn og Fjordane. Dette samsvarar godt med prosjektet “Eit Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane” som eit breitt samansett regionalt partnerskap har under utvikling.
23.06.2011
Lefdal Gruve Drift AS og IBM underteikna torsdag 23. juni ein intensjonsavtale om å utvikle Lefdal Gruve i Nordfjord til eit leiande datasenter for miljøvenleg datadrift.
16.06.2011
I ein travel kvardag er Innovasjon Noreg med å bidra til val om viktige satsingar i Sogn og Fjordane. Eg stiller spørsmål ved om vi klarer å fornye oss tilstrekkeleg eller har vi for lett for å vidareføre eksisterande satsingar – business as usual?
09.06.2011
Tysdag lanserte VideoNor ein nasjonal søk- og klikkbar videokonferansekatalog, Seevia. Mininstrar og leiarar frå byråkratiet og næringslivet lovprisa den nye tenesta.
24.05.2011
Måndag 23. mai auka Innovasjon Noreg renta på nye lågrisiko- og innovasjonslån, etter to år med uendra vilkår. For løpande lån vil renteendringa trå i kraft 1. august 2011. Renta på lågrisikolån i landbruket blir 3,9 %.
06.05.2011
37 nye SkatteFUNN prosjekt vart godkjend i Sogn og Fjordane i 2010. – Innovasjon er avgjerande for å oppretthalde produksjonen i Stryn. SkatteFUNN har vore eit viktig tiltak for å utvikle verksemda, seier Ingvar Hagen ved Hagen AS i Stryn.