Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Ann Elisabeth TveitTelefon: 57 65 19 43Mobil: 410 85 058
Bruk vår base for styrekandidater

Kurs: Skaff deg styrekompetanse

Ynskjer du å bygge eit unikt nettverk med tilgang på erfaringar og kompetanse som grunnlag for å gjere godt styrearbeid? Då har me eit kurs for deg.

Gir tilgang på erfaringar og kompetanse 
Kurset kvalifiserer potensielle styremedlemmar og gir formell kompetanse. Ein del av kurset føregår i fiktive styregrupper med realistiske bedriftssaker, basert på praktiske erfaringar.

Du får gjennom kurset eit nettverk som gir tilgang på erfaringar og kompetanse, også etter at kurset er avslutta. Du treff andre i same situasjon og får tilgang til deira nettverk

Møt ein ekspert i styrearbeid
Kurshaldar er Kjell Standal, pedagog med erfaring frå offentlege utdanningssystem på videregåande- og høgskulenivå. Han er ekspert i styrearbeid og selskapsleiing, og  han har jobba som konsulent for fleire bedrifter i Norge, inkludert Statoil, Scatec, Flytoget, Troms Kraft, BKK, Veritas.

Praktisk informasjon
Eksamen tek du i juni 2012. Kurset kostar 5 000 ,-

Du dekker sjølv utgifter til reise, opphald og litteratur til kurset.

1. samling i mars
Gloppen hotell, Sandane 26.-27.03.2012 

2. samling i april
Rica Sunnfjord hotell, Førde 25.-27.04.2012

 

Eksamen
01.06.12 kl 12.00 - 04.06.12 kl 1200.


Søknadsfrist: 15. februar 2012.

Innhald i kurset
Du lærer om teoretiske perspektiv for styrearbeid, og dei viktigaste lover og reglar som styreoppretting og drift av ASA-, AS- og ANS- selskap, samt stiftingar. Dessutan får du kjennskap til sentrale prinsipp for økonomistyring og reknskapføring.

Du lærer å utvikle metodar for samspelet mellom dagleg leiar og styret, kontrollere dei disposisjonar den utøvande leiinga gjer og å gjennomføra ein strategisk prosess.

Etter gjennomført kurs har du har du fått eit bevisst forhold til rollen som styremedlem og forstår kva ansvar og plikter styret har ovanfor bedrifta sine interessentar.