-Videomøter blir ein naturleg del av arbeidsdagen for mange i framtida. Det sparer tid, pengar og miljøet, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Illustrasjon: Videonor
Gule sider for videokonferanser
Med 2 mill i støtte frå Innovasjon Noreg har VideoNor utvikla ei heilt ny teneste for å søke opp videosystem og starte videokonferanser: Seevia - ein nasjonal søk- og klikkbar videokatalog. Tenesta er det siste året prøvd ut med svært gode tilbakemeldinger fra ei rekkje store offentlege og private aktørar, blant anna NAV, Skatt, Fylkesmenn og Coast Seafood.
-Katalogen kan samanliknast med Gule Sider for telefon, berre at det er for videosystem og har fleire funksjonalitetar, forklarer dagleg leiar i VideoNor Jørn Mikalsen.
Lovpriser tenesta
Gunn Ovesen, Innovasjon Norge, lovprisa den nye tenesta.
- Innnovasjon Norge prioriterer utvikling av tenestenæringa. Desse kan vere kor som helst. Med dette prosjektet er med å gjere Norge meir konkurransedyktig, gjer Norge mindre og gjer det enklare å vere i kontakt med kvarandre, seier Gunn Ovesen.