Leiarmentor er eit tilbod til deg som vil utvikle deg vidare som leiar. Du får kompetansepåfyll gjennom seminar leidde av kvalifiserte fagpersonar. I tillegg får du ein mentor som følgjer deg gjennom heile programmet.
Kvinnelege leiarar i privat og offentleg verksemd kan søkje. For å bli med må du vere leiar med personalansvar. Du må dessutan ønskje deg og ha bruk for personleg og leiingsfagleg utvikling, og ha ambisjonar om å utvikle leiarkarrieren din.
Nytt program hausten 2012
Neste Leiarmentor blir arrangert på Austlandet, og startar i november 2012. Deltakar avgifta er kr 10.000. Reise og opphald kjem i tillegg.
Vi tek imot påmeldingar frå heile landet.
Søknadsfrist for neste program: 11. juni 2012.
Blir det for stor pågang, prioriterer vi søkjarar frå den regionen der programmet blir gjennomførd.