Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Øivind HalvorsenTelefon: 22002799Mobil: 90048741
Ved spørsmål om din søknad ta kontakt med ditt distriktskontor

Slik skriv du søknad

Under er det sett opp ein disposisjon for prosjektskildringar for søknader om støtte til bioenergiprosjekt.

Disposisjonane er meinte som ei rettesnor for søkjaren, og andre element som er relevante for søknaden bør òg takast med. Prosjektskildringa legg du direkte inn i den elektroniske søknaden, eller sender den som eit vedlegg. Dersom du søkjer som privatperson, kan du bruke dette som ein mal og leggje inn søknaden i ein e-post eller sende den som brev.

 

 

A. Forstudiar og forprosjekt for varmesalsanlegg og veksthus

1. Avklare effekt- og varmebehova hos dei aktuelle kundane

2. Brenselleveranse

3. Skildre varmesentralen

4. Skildre nærvarmenett

5. Avklare engasjement, ansvar, roller og oppgåver for eigarane

6. Skildre ei løysing som tek vare på logistikk, kvalitet og økonomi

7. Rekne ut lønsemda ut frå investering, drifts- og pristilhøve

8. Gje framlegg til organiseringa av selskapet

9. Avklare tilhøve som gjeld finansiering og offentleg støtte

 

 

B. Investering i varmesalsanlegg, gardsvarmeanlegg og varmeanlegg i veksthus

1. Informasjon om idé og prosjekt:
   - Bakgrunn, idé og mål: Kva skal ein gjere og oppnå?

   - Råvarer: Potensialet, leveringstryggleik og liknande

   - Kundane: Vurdering av behov, potensial, mengd

   - Organisering av prosjektet: deltakarar, samarbeidsavtalar, selskapsform

   - Framdriftsplan for etableringsfasen

 

2. Teknisk skildring:
   - Produksjon av varme, teknologi, effekt, energimengd, energikjelde og logistikk

 

3. Økonomisk skildring:
  - Forretningsplan med driftsbudsjett for dei fem første åra (varmesalsanlegg og veksthus)

  - Lønsemdsutrekning for investeringa (varmesalsanlegg, gardsvarmeanlegg,veksthus og biogass).

Skjemaet for utrekning av lønsemd finn du som ei eiga lenkje.

 

4. Vedlegg:
  - Vurdering av kompetansekrav og behov for kompetanseheving

  - Vedtak i selskapet sine styrande organ

  - Samarbeidsavtalar mellom aktørane i prosjektet: selskapsavtalar osb.

  - Leveringsavtalar

  - Næringsoppgåver/likningsoppgåver for dei siste to åra

 

 

C. Investering i gardsvarmeanlegg i bustad

1. Informasjon om prosjektet:
  - Bakgrunn, til dømes kva som skal varmast opp og kva for ei oppvarmingskjelde som er i bruk i dag. Dessutan bør ein spesifisere det noverande forbruket til oppvarming og varmt vatn i kWh.

  - Kva slags brensel skal brukast? (ved, flis eller halm)

 

2. Vedlegg:

  - Næringsoppgåver/likningsoppgåver for dei siste to åra

 

 

D. Forstudiar og forprosjekt for biogassanlegg

1. Skildring av typen biomasse ein har tenkt å bruke i biogassanlegget og handsaminga av biomassen

 

2. Vurdering av type biogassanlegg, teknologi/leverandør

 

3. Ei utrekning av totalproduksjonen av energi i anlegget og korleis ein har tenkt å bruke energien.

 

Ver merksam på at biogassanlegget produserer stort sett same mengd energi året rundt, slik at forstudien må fortelje korleis energien skal brukast heile året. Lønsemda blir best dersom energien blir brukt til oppvarmingsføremål ved bruk av varmt vatn. Per i dag er det tvilsamt om prosjekt kan gje lønsemd ved produksjon av straum, sal på gassbehaldarar eller som drivstoff. Dette vil dessutan krevje store investeringar i reinsing og komprimering av gassen.

 

4. Ei vurdering av miljøeffektane av tiltaket

 

5. Organisering av selskapet. Det er eit krav, som for varmeselskap, at eigarane av landbrukseigedomen skal eige minst 50 % av eigarpartane i biogassanlegget. Landbruksskular kan òg søkje.

 

6. Kostnader ved eit investeringsprosjekt

 

7. Lønsemdsvurdering for prosjektet

 

8. Er det søkt støtte frå andre finansieringsinstitusjonar, til dømes SLF?

 

9. Konklusjon for vidare framdrift i prosjektet

 

E. Investering i biogassanlegg
1. Skildring av typen biomasse ein har tenkt å bruke i biogassanlegget og handsaminga av biomassen

 

2. Avtalar om levering av biomasse, dersom ein har tenkt å bruke annan biomasse enn husdyrgjødsel

 

3. Type biogassanlegg, teknologi/leverandør, kostnadsoverslag for heile investeringa

 

4. Ei utrekning av totalproduksjonen av energi i anlegget og korleis ein har tenkt å bruke energien. Det må finnast avtalar om sal av gass.

 

5. Ei vurdering av miljøeffektane av tiltaket. Det må dokumenterast korleis bioresten frå anlegget skal brukast.

 

6. Organiseringav selskapet

 

7. Lønsemdsvurderinga for prosjektet kan lagast i programmet som her er lenkje til

 

8. Er det søkt støtte frå andre finansieringsinstitusjonar, til dømes Enova?

 

9. Vedlegg
   - Vurdering av kompetansekrav og behov for kompetanseheving

   - Vedtak i selskapet sine styrande organ

   - Samarbeidsavtalar mellom aktørane i prosjektet, selskapsavtalar osb.

   - Leveringsavtalar

   - Næringsoppgåver/likningsoppgåver for dei siste to åra

 

F. Søknad om utviklings- og kompetansetiltak

1. Skildring av tiltaket

2. Målgruppe

3. Framdriftsplan

4. Samarbeidspartnarar

5. Er det søkt støtte frå andre finansieringsinstitusjonar?