Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til kontaktinformaasjon
Kontakt
Halvor FlatlandTelefon: +47 57 65 19 60

Med Liv Signe på kundebesøk

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete konstaterer at distriktsmidla til Innovasjon Noreg fører til internasjonale prosjekt.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete, starta året med besøk hos to av Innovasjon Noregs kundar. Fyrste stopp var Brødrene Aa i Hyen som er verdsleiande i bruk av karbonkompositt i båtar.


Selskapet har fått mange kontrakter i seinare tid gjennom å utvikle innovative løysinger – og dermed vere konkurranseleiande. Medan andre verft slit i motvind, satsar Brødrene Aa friskt og har fulle ordrebøkar. Selskapet har bruka kontoret vårt i Tyrkia i samband med samarbeidspartnerar dei har der.


Distriktspolitikk i praksis

Satsinga ved Brødrene Aa er distriktspolitikk i praksis. Her har verftet, med støtte frå Innovasjon Noreg, bygd opp kompetanse i verdstoppen og tiltrekkjer seg kompetent arbeidskraft som flytter tilbake distriktet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.


Ministeren besøkte også BANO-gruppen på Sandane som består m.a av Bano AS og Strukturplast AS. Sistnemnde har spesialisert seg på støyping av polyuretanbaserte plastprodukt. Hovudmarknaden til Strukturplast AS er idag helse, offshore og maritim industri.


Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har vore med å lyfte innovasjonsprosjekt i bedriften som har gått frå ei omsetning på 6 mill i 2007 til drøye 30 mill i 2011.


Bergensbaserte Bano AS har dei siste åra bygd opp brei kompetanse innanfor spesialiserte hjelpemiddel til baderom i institusjonar. Bano AS har motteke Norsk Designråds pris for sitt baderomskonsept og arbeider for tida med ein Offentlige forsknings- og utviklingskontrakt (OFU) sammen med Helse Bergen HF (IN Hordaland) om utvikling av heilt nytt baderomskonsept med internasjonalt potensiale


Frå lokale til internasjonal prosjekt
Statsråden var godt nøgd med dei resultata desse bedriftene har oppnådd med støtte frå Innovasjon Noreg. Og det gleda ho å sjå at også distriktsmidlane til IN fører til prosjekt internasjonalt.