Vinnaren får ein million kroner som skal brukast til eit vekstprosjekt i gründerbedrifta.
Årets gründerkvinne må:
- ha etablert og utvikla bedrifta sjølv
- vere medeigar og delta i den daglege leiinga av bedrifta
- ha utvikla ei bedrift som er innovativ og nyskapande
- ha ei bedrift som ikkje er eldre enn 10 år
- ha ei bedrift med potensial og ambisjonar om internasjonal vekst
- ha ei bedrift med positiv økonomisk utvikling
- skildre eit vekstprosjekt som pengane skal brukast til
Vinnaren blir kåra på kvinnedagen
Årets gründerkvinne skal vere ein god rollemodell for andre potensielle kvinnelege gründerar. Vinnaren blir kåra på ei pristilstelling i Oslo 8. mars 2012.
Prisen er eit samarbeid mellom Nærings- og handelsdepartementet og Innovasjon Noreg.