Kvifor treng du ein forretningsplan?
Når du skal starte ei bedrift, må du vurdere og synleggjere at du kan tene pengar på forretningsverksemda di. Forretningsplanen er først og fremst eit verktøy for bedrifta, men den er òg nyttig ved presentasjonar for bankar, investorar, samarbeidspartnarar, styresmakter og liknande.
Å utvikle ein forretningsplan inneber å lage og "drive" ei bedrift på papiret. Planen skal gjere det enklare å sjå samanhengar mellom produkt/teneste, marknad og nødvendige ressursar.
Kva skal forretningsplanen innehalde?
Ein forretningsplan bør innehalde ei skildring av:
• Forretningsideen
• Marknaden
• Produktet eller tenesta
• Marknads- og salsaktivitetar
• Personopplysningar og kompetanse
• Økonomi
• Kapitalbehov og finansiering
• Organisering og administrasjon av verksemda
Det viktigaste er kunde-, marknads- og økonomivurderingane. Føremålet er å sannsynleggjere at du kan tene pengar på verksemda.
Bruk vår mal for forretningsplan
Vi har utvikla eit arbeidsdokument som inneheld dei sentrale punkta i ein forretningsplan. Dette dokumentet kan du laste ned og bruke som grunnlag for din eigen forretningsplan. Her finn du òg eit budsjetteringsverktøy. Dette er berre ein mal, og den må tilpassast til kvart einskilt prosjekt.
Søk hjelp!
Det er viktig at du søkjer råd og rettleiing når du lagar ein forretningsplan. Diskuter med personar i nettverket ditt, potensielle kundar og elles alle involverte partar. Det finst òg mange dyktige etablerarrettleiarar. Finn ein etablerarrettleiar her:
Informasjon om selskapsregistrering, skatt og anna regelverk finn du på
altinn.no.