Har du ambisjonar om langsiktig vekst ut over den lokale marknaden? Er bedrifta samstundes i bedriftsutviklings- eller marknadsintroduksjonsfasen og er basert på ein unik forretningsidé, er du i målgruppa.
Få ein mentor frå næringslivet
Du vil få tilbod om ein samtale med organisasjonen Connect der de diskuterer motivasjonen og forretningsideen din. Organisasjonen har eit stort nettverk i næringslivet,og vil finne ein mentor som passar for di bedrift.
Du fårtilbod om:
- Éin-til-éin-samtalar med ein mentor over ein periode på seks til tolv månader
- Vi dekkjer opp til 50.000 kr inkl. mva. av kostnadene dine, det tilsvarer om lag 40 timar med mentoring
- Deltaking på opp til to nettverkssamlingar. Målet med nettverkssamlinga er at du som gründer deler erfaringane dine, samstundes som du haustar lærdom frå andre i same situasjon.