Meld deg som styrekandidat

Søkjer du utfordringar som styremedlem? Den nasjonale databasen vår blir brukt av bedrifter på jakt etter styrekandidatar.

Databasen vår inneheld meir enn 2300 kandidatar med høg kompetanse i ulike næringar. Personane har anten bestått vårt kvalifiseringsprogram for styremedlemer, eller så har dei tilsvarande kompetanse. 

Dersom du ikkje har gjennomgått og bestått styrekurs på høgskulenivå, kan du søkje om å få styrekompetansen din godkjend av oss. Då kostar oppføringa 1.875 kroner, inkludert meirverdiavgift.