Frå ide til marknad - Førde

Informasjon

Førde Møtestad: Sunnfjord Utvikling, Hafstadvegen 42 Påmeldingsfrist: 2018-01-17 14:00 Kontakt: Jørgen Ulrik Berg Gratis 18.01.2018 11:00:00 18.01.2018 14:00:00 Europe/Oslo Frå ide til marknad - Førde Møtestad: Sunnfjord Utvikling, Hafstadvegen 42 Jørgen Ulrik Berg jorgen.ulrik.berg@innovasjonnorge.no Legg til i kalender

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen. 

 Vi vil gå gjennom:

- Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
- Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
- Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå. 

Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter(speed dates).

Forretningsmodellering

Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.

Les meir om korleis du kan lage ein forretningsmodell.

LEAN Start-up (smidig oppstart)

Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden

Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.

Tilskot til gründerar.

Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg  nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.

Les meir tilskot til gründerar.


Nettverk og kompetanse

Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.

 

Påmelding Frå ide til marknad

Ynskjer du møte med Innovasjon Norge ?

Regler for deltakelse på våre arrangementer: 

Innovasjon Norge har nulltoleranse mot diskriminering, trakassering og andre former for krenkende eller utilbørlig atferd. Dette gjelder også på våre arrangementer. Atferd i strid med disse grunnleggende prinsippene, vil kunne føre til bortvisning fra arrangementet, straffeansvar og/eller erstatningsrettslig ansvar.

Innovasjon Norge vil være behandlingsansvarlig for dine personopplysninger. Du har rett til å kreve innsyn og retting i samsvar med personopplysningen §§ 18, 27 og 28.