Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2017

Har du starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Då kan du vinne 300 000 kroner.

Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare Bygdeutviklingsprisen). Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.
Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:

  • Bærekraft, her under
    • Økonomisk resultat/lønsemd
    • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
    • Miljømessig som  utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
  • Innovasjon/nyskaping

Meld deg som kandidat her innan 20.08.2017.