Årets bedrift 2013: Moods of Norway

Moods of Norway vann prisen for Årets bedrift på Signalkonferansen 2013. Vi delte også ut pris til Årets gründer, Årets innovasjonsmiljø og Årets verdiskapar. - Prisvinnarane er døme på aktørar som meistrar nye utfordringar på avgjerande område for Noregs framtid, seier administrarende direktør i Innovasjon Noreg, Gunn Ovesen.

LUKKELEGE VINNARAR: Årets gründer West Drilling Group, administrerande direktør i Innovasjon Noreg Gunn Ovesen, Årets verdiskapar Trond Mohn, Årets bedrift Moods of Norway og Årets innovasjonsmiljø...

LUKKELEGE VINNARAR: Årets gründer West Drilling Group, administrerande direktør i Innovasjon Noreg Gunn Ovesen, Årets verdiskapar Trond Mohn, Årets bedrift Moods of Norway og Årets innovasjonsmiljø Oslo Medtech. Foto: Innovasjon Noreg.

- Av og til må vi satse på litt galskap. Det gjorde vi då vi i 2003 gav 190.000 kroner i etablerertilskot til ein litt sprø stryning som ville lage t-skjorter med bilete av ein traktor på. Lite ante vi då at Moods of Norway skulle bli ei internasjonal merkevare i verdsklasse basert på tradisjonar frå Stryn og kjærleik til bestemor, seier Halvor Flatland, direktør for Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane.

Moods of Norway har skapt ei internasjonal merkevare og kommuniserer denne til eit stort publikum. I dag består kolleksjonane av klede, solbriller, sko og parfymar.   

- Dette er ei stor ære, utruleg kult å vinne ein pris og bli sett pris på. Det er flott om vi kan vere ein inspirasjon for andre, seier Peder Børresen.

Stadig fleire marknadar
Moods of Norway opererer på stadig fleire marknadar og er i kontinuerleg utvikling. Nyleg opna dei nettbutikk samt outlet og brand store i USA, samstundes som dei held fram med å ekspandere i Noreg. I dag har selskapet 300 tilsette.

Den internasjonale motebransjen er prega av sterk konkurranse, og Moods of Norway har lukkast i å skape ei sterk internasjonal merkevare med solide røter i norsk kultur. Hovudtyngda er framleis på den norske marknaden, men dei planlegger at vidare vekst skal skje på internasjonale marknadar. Dei har satsa sterkt mot USA og har butikkar i Los Angeles og New York. Produkta seljast også i fleire andre land.

Auka omsetning til 332 millionar kroner
Selskapet har auka si omsetning med 194 prosent i perioden frå 2009 til 2011 (99 millionar kroner i 2009 til 291 millionar kroner i 2011). For 2012 er det venta ei omsetning på 332 millionar kroner, ein auke på 14 prosent på eit år.

- Samarbeidet med Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane har vore godt og tett i alle år, og støtta frå Innovasjon Norge var ein viktig faktor for at Moods of Norway hadde midlar til å kome seg ut av startgropa, seier Jan Egil Flo, styreleiar og gründer.

West Drilling Products vart Årets gründer
West Drilling Products AS har oppfunne og patentert ein ny type boreteknologi (Continiuous Motion Rig – CMR) som gjer det mogleg å bore og sirkulere kontinuerleg. Riggen introduserer i tillegg fullrobotisert boring, noko som sikrar ein trygg boreprosess og moglegheit for styring frå land.

- Alle tilsette i West Group har ein felles lidenskap for å utvikle framtidas teknologi. At vi vann prisen Årets gründerbedrift betyr anerkjenning av vårt arbeid og vår teknologi, seier administrerande direktør i West Drilling Products, Odd B. Skjærseth.

- Odd B. Skjærseth er ein svært aktiv pådrivar for ny og betre teknologi for oljeindustrien. Han har høg gjennomføringsevne og kapasitet, og har ein klar tanke om kvar han vil og korleis han skal kome dit. Slike gründarar ønskjer vi oss fleire av, seier Marit Karlsen Brandal, direktør for Innovasjon Noreg Rogaland.

Oslo Medtech vart Årets innovasjonsmiljø
Oslo Medtech er ei klynge med over 150 aktørar frå heile verdikjeda innan medisinsk teknologi og ehelse. Klynga har initiert eit breitt samarbeid innad i gruppa, og med nasjonale og internasjonale partnarar innan kompetanseutvikling, innovasjon og marknadsorientering.

- Oslo Medtech har bidrege til å løfte innovasjonsevna og -vilja i den offentlege helsesektoren. Dei har klart å utfordre det etablerte, og samtidig fått fram det beste hjå alle aktørane, seier Toril Mølmen, direktør for Innovasjon Noreg Oslo, Akershus og Østfold. 

-  Dette er ein anerkjenning av at klynga kan bidra til å mobilisere og leie bedrifter og kunnskapsmiljø til aktiv samhandling som gir innovasjon og næringsutvikling. Det finst mykje ny teknologi og mange gode løysingar – det handlar om å auke medvitet rundt dette – også i Noreg, seier Kathrine Myhre, dagleg leiar i Oslo Medtech.

Mohn fekk heidersprisen
Trond Mohn er visjonær, handlekraftig og ein stor industribyggar.  Han er også ein raus filantrop som er oppteken av menneskes ve og vel, spesielt barn og ungdom. Mohns samfunnsengasjement strekk seg langt ut over verksemdas grenser. Han har gitt raus støtte til veldedige formål innan idrett og forsking og utvikling i helsesektoren, seier juryen i sin grunngjeving.

Mohn er administrerande direktør i familiebedrifta Frank Mohn AS, som vart etablert i 1938. Frank Mohn AS er ein leiande leverandør av pumpesystem, shipping og offshoreindustrien med 1500 tilsette og verksemder på tre kontinent.

 - Eg hadde ei veldig god og klok mor som sa: Du kan bli rik, du kan bli fattig, men gode manerar kan ingen ta ifrå deg. Og det er to former for danning: Ytre og indre. Og den indre kjem frå hjartet og er den viktigaste.