Lite rom - stor forbetring

Innovative baderomsløysingar frå norske Bano AS gir pleiarar og pasientar ved Haukeland Universitetssjukehus ein enklare og meir effektiv kvardag. OFU-støtte gjer at produsenten leverer ei arealsparande og kostnadseffektiv løysing.

På badet: (F.v.) Administrerande direktør i Helse-Bergen Stener Kvinnsland, spesialfysioterapeut Eva Dagen Eek, intensivsjukepleiar Ingeborg Sævareid, assisterande klinikksjef Kari Lybak, administr...

På badet: (F.v.) Administrerande direktør i Helse-Bergen Stener Kvinnsland, spesialfysioterapeut Eva Dagen Eek, intensivsjukepleiar Ingeborg Sævareid, assisterande klinikksjef Kari Lybak, administrerande direktør i Bano Roy Elsayed og prosjektleiar Ove Haugsdal. 
FOTO: BALAZS VARGA.

Eit 4,6 kvadratmeter lite rom er det som skal til for å romme det best tenkelege av løysingar for pasientar og pleiarar.
- Små investeringar kan vere viktige investeringar, seier administrerande direktør for produsenten Bano, Roy Elsayed.

Prosjektet Fremtidens baderom på sykehus, også kalt Bergensbadet, har halde på sidan 2010. Det ferdig utvikla konseptet kan spare sjukehus og andre helseinstitusjonar for 100 000 kroner per nye bad, og målet er at alle sjukehus skal velje ei slik løysing.

- Viktig for trivsel og verdigheit

Ved å skyve på den etablerte standarden, har Bano AS utvikla eit lite, men funksjonelt bad som no har opna på Kirurgisk klinikk ved Haukeland Universitetssjukehus.
- Vi har konkludert med at det er betre med eit lite, riktig utforma bad, enn eit stort, der det er langt frå det eine støttepunktet til det andre, seier Elsayed.

Det vesle badet har handtak langs vasken og rundt heile rommet. Både vask og toalett kan hevast og senkast elektrisk.
- Det sparer tid for pleiarane, men er også viktig for trivsel og verdigheit, seier Elsayed. Pasientar som treng hjelp på ordinære bad, klarer seg åleine inne på Bergensbadet.

OFU-tilskot avgjerande for suksess

Bano AS fekk eit OFU-tilskot på 1, 4 millionar kroner frå Innovasjon Noreg.
- Det hadde ikkje vore mogleg for ein relativt liten aktør som oss å sikre ein pilotkunde av denne størrelsen utan pengar frå Innovasjon Noregs OFU-ordning, seier Elsayed. I tillegg fekk Haukeland Universitetssjukehus 1, 5 millionar i støtte, noko som gjorde at dei lettare kunne setje av tid og ressursar til arbeidet.

Bano har allereie pågang frå sjukehus i Nederland, Frankrike og Tyskland, og håper at dei med Bergensbadet har skapt ein eksportartikkel.