Møre og Romsdal

Søknadsfrist

  • Ingen søknadsfristar

Prioriterte tiltak/områder

Tradisjonelt landbruk

  • Verkemidla skal bidra til å styrke økonomien på bruka. Generelt skal bruk der den samla inntekta - etter investeringa - i det alt vesentlege kjem frå landbruk og landbruksrelatert verksemd prioriterast. Det skal leggjast vekt på om søkjar sjølv er aktiv brukar, og om tiltaket kan gi eit positivt inntektsbidrag.
  • Tiltak som tek sikte på betre bruk av ressursar i lokalsamfunnet, både naturgitte og menneskelege, skal ha prioritet i forhold til bruk av råvarer som blir ført inn til området.
  • Økologisk produksjon skal prioriterast framfor konvensjonell produksjon under elles like forhold.
  • Varige fôrlager og gjødsellager.
  • Ammekuproduksjon.

Bygdenæring

  • Prosjekt med element av nyskaping skal prioriterast.
  • Marknadsorienterte tiltak, og tiltak som aukar kompetansen om marknadsføring skal ha høg prioritet. Det same gjeld tiltak som bidrar til å opne nye marknader eller marknadskanalar.
  • Tiltak som stimulerer til auka bruk av tre i driftsbygningar.
  • Tiltak som medverkar til ei berekraftig næringsutvikling i verna område.
  • Tiltak der ungdom vil utvikle og etablere eigne arbeidsplassar.
  • Tiltak som bidrar til auka sysselsettingsmoglegheiter for kvinner i distrikta.
  • Produksjon og foredling av mat og drikke med lokal identitet.
  • Landbruksbasert reiseliv.
  • Inn på tunet.

Ikkje prioriterte tiltak/områder

Tradisjonelt landbruk

  • Nyetablering og kapasitetsauke innan egg, kylling og smågrisproduksjon.
  • Båsfjøs for mjølkeproduksjon på ku.
  • Nyetableringar for sau eller utbyggingsprosjekt med planlagt produksjonsauke på meir enn 25%.
  • Lagerbygg for maskiner og reiskap.
  • Hydro tekniske tiltak.
  • Andre infrastrukturtiltak.

Bygdenæring

  • Generell utleieverksemd.
  • Utleie av stallplasser, ridesenterverksemd, golf og kennel o.l. utan vesentlig nyskaping.
  • Tradisjonell forretnings messig, privat tenesteyting utan vesentlig nyskaping.
  • Handelsverksemd på innkjøpte varer.

Utmåling

Generelt                                                                                                                

På grunn av knappe rammer, kan også prosjekter innan de prioriterte områdane få avslag.

Etablerartilskot (oppstart av ny verksemd/tilleggsnæring)

Etablering av ny verksemd: Det kan gjevast tilskott til førebuing og etablering av ny verksemd innan landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt landbruk som har som føremål å ekspandere. Tilskottet kan utgjere inntil 75 % av godkjend kostnadsoverslag.

Bedriftsutvikling (tilleggsnæring)

Det kan gjevast tilskott til produktutvikling, kompetansebygging, marknadsundersøkingar, testsal, nettverksbygging og marknadsføring av nye produkt. Tilskottet er avgrensa til 50 % av kostnadene. For føretak der majoriteten av eigardelane vert kontrollerte av personar under 35 år eller av kvinner kan tilskottsandelen aukast til 75 %.

Investeringar (tradisjonelt landbruk og bygdenæring)

Investeringar i produksjonsanlegg: Det kan gjevast investeringstilskott med inntil 33 prosent av godkjend kostnadsoverslag. Tilskottet er avgrensa oppover til kr 1 500 000.

Det kan gjevast inntil kr 50 000,- ekstra tilskot for auka bruk av tre i driftsbygningar (også ut over maks grensa). Det må minimum nyttast 25 m3 trelast for å søke. For større nybygg skal kravet til trebruk vere langt høgare enn 25 m3, slik at tiltaket faktisk bidrar til auka bruk av tre. Tilskotsbeløpet er kr 500,- per m3.

Tilskot ved generasjonsskifte (tradisjonelt landbruk og tilleggsnæring)

Etableringstilskott ved eigarskifte er avgrensa til å gjelde investeringar med ei kostnadsgrense på

kr 1 500 000. Ordninga omfattar ulike tiltak knytt til eksisterande bygningsmasse. Søkjarar kan få opp til 50 % tilskot av godkjend kostnad. Det kan berre løyvast tilskot etter denne ordninga dei første

5 åra etter overtakinga. Søkjar må vere under 35 år.