Askvoll

Askvoll kommune har eit variert næringsliv med stor vekt på primærnæring. Likevel forsvinn arbeidsplassane og folk flyttar.

/link/c65cf535dff049d9a6b3cb3dacd0b88d.aspx
Foto: Foto: visitnorway.com

Omstilling: 2010-2016
Om: Kraftig nedgang i folketal og sysselsetjing
Mål: Etablering av 30 nye arbeidsplassar, og 60 nye innbyggjarar, innan utgangen av 2016    

Utfordringa: Bakgrunn for omstillingsstatus

Askvoll er ein primærnæringskommune, med 16 % av sysselsetjinga innan jordbruk, skogbruk og fiske. Næringslivet elles er variert. Kommunen fekk omstillingsstatus i 2010 på bakgrunn av kraftig nedgang i folketal og sysselsetjing. Særleg har folketalsutviklinga vore negativ i aldersgruppa 20–40 år.

Mål og strategiar

Visjonen for omstillingsarbeidet er: "Askvoll – attraktiv og robust"

Det ligg føre ein utviklingsplan for nærings- og omstillingsarbeid i Askvoll kommune 2013 – 2016. Planen har to innsatsområde som inneheld fleire prosjekt:

  1. Robust arbeidsplassvekst. Mål: minst 30 nye arbeidsplassar innan 2016
  2. Tilflytting. Mål: 60 nye innbyggarar innan 2016

Organisering

Omstillingsarbeidet er organisert som eit prosjekt med kommunen som prosjekteigar. Britt Hansen er leiar for omstillingsarbeidet, og styret består av desse medlemma:

Frida Melvær, styreleiar Tone Oddekalv, nestleiar Bjørn Arne Mjåseth Synne Alsaker Svein-Eivind Solheim

Observatørar: Audhild Schaatun, Sogn og Fjordane fylkeskommune Rune Fromeide, Innovasjon Norge Håkon Loftheim, rådmann i Askvoll

Om Askvoll kommune

Askvoll kommune ligg i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke og har om lag 3000 innbyggjarar.            

Ønsker du å lese mer om omstillingen i Askvoll?

Kontakt

Har du spørsmål om omstillingsarbeidet i Askvoll? Kontakt oss:                      

Britt Hansen
Leiar av omstillingsarbeidet
+47 948 70 010
britt.hansen@hafsutvikling.no

Frida Melvær
Leiar av styret for omstillingsarbeidet
+47 954 13 213
frida.melvaer@askvoll.kommune.no