Tilbakeblikk 2016

Til saman 23 omstillingsområde har jobba med regions- og næringsutvikling under Regional omstilling i 2016. Dei har bidrege til å skape 379 nye arbeidsstadar og sikra 281. I områda er det etablert 234 nye bedrifter.

Med dette tilbakeblikket presenterer vi nokre av områda.

  • Nærare 300 arbeidsplassar gjekk tapt då Södra Cell på Tofte vart lagt ned for tre år sidan. No intensiverer Hurum innsatsen for å skape nye arbeidsstadar – på grøne føresetningar.
  • Gratangen har allereie nådd målet dei sette seg då dei fekk omstillingsstatus. Ingrediensane i suksessoppskrifta omfattar blant anna å viske ut kommunegrenser, definere tydelege roller – og å jobbe med nettverk
  • Kommunane Vikna, Leka og Nærøy var tre avsidesliggande, ukjende kommunar med svar næringsutvikling. Etter gjennomført omstillingsprogram er det blitt ein samla region prega av optimisme og næringsutvikling: Vekstregionen Ytre Namdal.
  • I fandenivoldske Lierne har omstillingsprosjektet allereie gitt merkbare resultat. Målet er å oppnå 130 arbeidsstadar på seks år, og 31 i løpet av 2016. Etter litt over eitt år med omstillingsarbeid har heile 54 nye arbeidsstadar blitt oppretta i fjellbygda, 23 meir enn målet.

Gå til artikler på web fra lenkene under: