Frå tre fragmenterte kommunar til éin vekstregion

Kommunane Vikna, Leka og Nærøy var tre avsidesliggande, ukjente kommunar med svak næringsutvikling. Etter gjennomført omstillingsprogram er det blitt ein samla region prega av optimisme og næringsutvikling: Vekstregionen Ytre Namdal.

/link/ca8f96ffeed94631876297837d725fc6.aspx

Tor Henning Jørgensen har vore styreleiar i omstillingsorganisasjonen NYN (Nyskaping og Utvikling i Ytre Namdal) i regionen Ytre Namdal. Ifølge han kan den positive utviklinga i regionen sporast direkte tilbake til NYN sitt fokus på å tenke heilskapleg og å knyte nettverk mellom eit fragmentert og konkurrerande næringsliv.

Samlande grep for betre tillit 

– Regionen vår hadde ikkje vore i den gode posisjonen vi er i utan omstillingsprogrammet. Det har skjedd ei klar utvikling innan nettverk, kompetanseheving og kompetansebygging, seier Jørgensen.

Det har også blitt gjort nokre samlande grep for å styrke regionen som heilskap, og ein situasjon som var prega av konkurranse og dårleg tillit mellom kommunar og næringslivsaktørar har blitt betre.

–  Omstillingsorganisasjonen har fokusert sterkt på å knyte nettverk og å samle næringslivet som har eit felles mål om vekst. Eit eksempel er at det tidlegare fans to separate næringsforeiningar i Nærøy og Vikna som, til tider,  nærast opptredde som konkurrentar. Desse to har slått seg saman, samla kreftene og blitt meir robuste. Dette er ein direkte konsekvens av at omstillingsorganisasjonen pressa på. Dette har gitt ein betre administrasjon, dei er tydelegare utad, og er blitt ein meir solid og habil samarbeidspartner for resten av næringslivet, fortel Jørgensen. Han vil også dra fram Rørvik Fisk, som har utvikla merkevaren Rørvik på sine produkt, og slik blitt meir synlege i butikkar, samt auka omsetnaden markant.

– Dette hadde neppe skjedd dersom ikkje omstillingsorganisasjonen hjalp til med tanke- og utviklingsprosessen, fortel han.

Aukande optimisme

Det har blitt oppretta mellom 150 og 200 nye arbeidsplassar i løpet av perioden, nokre innanfor maritim sektor, industri og verft, men også innanfor næringsmiddel og informasjonsteknologi. Ein felles regional næringsplan, som næringslivet og omstillingsorganisasjonen utforma saman, har blitt eit viktig retningsgivande dokument for vidare vekst som næringslivet framleis brukar aktivt. Jørgensen har også merka seg ein aukande optimisme blant folk i regionen etter omstillingsperioden. 

–  Ei oppleving eg kjem til å hugse lenge, er ein drosjetur eg tok for ei tid tilbake. Drosjesjåføren påpeikte til meg, på eige initiativ, at det skjedde mykje her i området for tida. Han brukte omgrepet «vekstregion», med stoltheit i stemma. «Vekstregion» er eit begrep vi har brukt aktivt, og som verkar å ha festa seg hos folk. Det vitnar om at programmet og den gode utviklinga vi har fått til, har skapt ein optimisme blant folk. Vi har trua på framtida, seier Jørgensen.

Kommunane skal vidareføre utviklingsselskapet NYN i tre år for å følge opp satsinga. No håpar Jørgensen at det gode arbeidet held fram.

–  Året som har gått har vore prega av avslutting og vidareføring av det vi har fått til. Det har kome inn eit heilt nytt styre, og det er knytt spenning til kva som skal skje vidare. Det blir viktig å tilføre NYN nye arbeidsoppgåver, slik at det er robust nok til å overleve budsjettbehandlingane i kommunane.