Fandenivoldske Lierne

Snøen ligg som eit lunt teppe over det urnorske, frosne landskapet i Nord-Trøndelag. Austover frå E6 går riksveg 74 langs nasjonalparkar, elgtråkk og bjørnehi. Hjula trillar på vinterføre, og det blir tettare og tettare mellom kvart teikn til menneske -  Lierne kjem til syne gjennom bilruta. Mørket har lagt seg over brøytekantar og snøkledde hustak, lyset frå små stovevindauge lyser opp i natta og røyken frå pipene blandar seg med den mørkeblå himmelen. Her bur det 1375 innbyggjarar, og i dei bur Fanden sjølv - full av glødande staheit og arbeidslyst. 

Tove Ingulfsvann og Tor Erling Inderdal er vegvisarar til omstilling i Lierne.

Tove Ingulfsvann og Tor Erling Inderdal er vegvisarar til omstilling i Lierne.

Omringa av nasjonalparkar, skiløyper og hyttefelt ligg bygda med folket som nekta å sette seg ned i snøen og gi opp, sjølv då det såg ut som siste spikeren i kista var et faktum.

Lierne har i femti år hatt jamn nedgang i folketal. Stadig færre innbyggjarar er born og personar i arbeidsfør alder. Då Lierne Bakeri la ned i 2015 og 85 personar mista jobben, blei det i staden for krise erklært 2 dagar med sørgetid før tida var inne for å gjere noko med saka. Søknaden til Innovasjon Norge blei raskt forfatta, sendt inn og godkjent.

– Innbyggjarane i Lierne har gjennom historia vært ganske sjølvforsynte, og det er ikkje kultur for å gi opp når ein møter motgang, seier programansvarleg for utviklingsprosjektet Lierne Utvikling AS, Tor Erling Inderdal.

Lisamfunnet er lite, men har likevel et variert og stort næringsliv prega av løysingsorienterte eldsjeler, ifølge Inderdal.

– Då bakeriet la ned gjekk det derfor ikkje lang tid før vi bretta opp ermane og såg etter løysingar. Omstillingsprosjektet og særleg verktøyet SMB-utvikling har bidrege til eit enormt trøkk i næringslivet i tida etter nedlegginga, og vi føler vi har eit godt støtteapparat som legg til rette for at vi lukkast, held Inderdal fram.

54 arbeidsplassar i boks

Innan utgangen av 2016 har omstillingsprosjektet allereie gitt merkbare resultat. Målet er å oppnå 130 arbeidsplassar på seks år, og 31 i løpet av 2016. Etter litt over eitt år med omstillingsarbeid har heile 54 nye arbeidsplassar blitt oppretta i fjellbygda, 23 meir enn målet. 

Det største fokuset for omstillingsarbeidet har gått hovudsakleg på å utvikle eksisterande bedrifter i kommunen.

Gjennom programmet SMB-utvikling har 10 bedrifter i Lierne fått tilgang til en ekstern rådgiverressurs, som nådelaust utfordrar og følgjer opp prosjekta som skal generere verdiskaping i kommunen. Bedriftene får hjelp til å legge ein strategisk og konkret plan for utvikling, og knyter et verdifullt nettverk seg imellom.

Konsulentpisk på steingrunn

Ein av bedriftene som har fått smake konsulentpisken er skiferprodusenten Liskifer.  Vi møter dagleg leiar Per Einar Arvasli blant stablar av kvarts, feltspat og glimmer på produksjonsområdet. Hit kjem tonnevis med skifer kvar dag frå eit brudd nær svenskegrensa. Ferdige produkt frå Liskifer er å finne veldig mange stader, blant anna langs vegane i Bodø, på dei fleste murane i Trondheimsområdet, og på domkyrkja i Tromsø – for å nemne noko.  Framtida for produksjonen ser lys ut, mykje takka vere omstillingsprogrammet og særleg SMB-utvikling.

Dagleg leiar Arvasli reflekterer over erfaringa med SMB-uvikling med eit smil om munnen.

/link/281d2383457246e58c4749bb01ae817f.aspx

Dagleg leiar i Liskifer, Per Einar Arvasli er glad for å ha fått eit spark bak av SMB-utvikling.

/link/8796988aa213435fbbdd553613006abc.aspx

Liskifer er ein viktig arbeidsplass for mange unge i Lierne.

– Å vere ein del av SMB-utvikling har verkelegg gitt oss eit spark bak for å få ting til å skje. Konsulenten som hjalp oss var som ein hauk, han fulgte med alt vi gjorde og pressa fram handling. Han kunne ingenting om skifer, men kom med verdifull kompetanse utanfrå, og med eit nådelaust tidsskjema, humrar Arvasli.

Verdifullt utstyr – vanskelege omgrep

Liskifer har fått midlar til å investere i ei særs kjærkomen kalibreringsmaskin, eit viktig tilskot for å nå målet om å auke produksjon og sal.

– Vi såg behovet for ei kalibreringsmaskin som jamnar ut steinen allereie i 1996. Vi ser at konkurrentane våre allereie har tatt dette i bruk, så det var verkeleg på tide. Denne maskina er viktig for å gi butikk. No ønskar vi oss ei ny sag, seier Arvasli.

Skiferbruddet rommar om lag 900 000 m2 med skifer, så det tek ikkje slutt med råmateriale med det første. Utviklingsmoglegheitene og -ambisjonane til Liskifer er ikkje små, og då er nettverket i omstillingsprosjektet godt å ha.

– Eg er ikkje ein ordsmed eller marknadsførar – eg kan skifer. Det er derfor veldig fint å ha eit apparat rundt oss, i Lierne Utvikling og Innovasjon Norge, som hjelper oss med å forfatte prosjektplanar, lage rapportar og å sikre faktisk framgang og utvikling. I starten var det mange ord, omgrep og skjema som var vanskeleg å forholde seg til – men alle får eit felles vokabular til slutt, og viktigast av alt – vi ser at vi utviklar oss, seier Avasli.

Det mobile viltmottaket

Vi byttar ut skiferstablane med slakta reinsdyr på rad og rekkje – vi skal til eit slakteri. Ein køyretur unna Liskifer ligg Lierne Viltforedling som har hatt ein eventyrleg vekst dei siste åra – mykje på grunn av ein aldri så liten innovasjon: Det flyttbare viltmottaket. I staden for at jegeren må frakte dyret til slakteriet, kjem slakteriet til jegeren.
Det er nytt, unikt og effektivt. Ein container full av krokar, kjettingar og anna utstyr, delt inn i fryserom og slakterom. Ein container som let jegerane jakte, og slaktarane slakte på staden utan unødig logistikk for jegeren, og utan unødig liding og belasting for dyra.

– Ein jeger på jakt er gjerne interessert i å halde fram jakta og ikkje bruke mykje tid og energi på logistikken det er å frakte dyret til slakteriet. Med det mobile viltmottaket er vi tilstades der elgen blir skoten og kan gjere rask prosess, seier forretningsutviklar i Lierne Viltforedling Einar Kvemo.
Det mobile viltmottaket er eit direkte resultat av at Lierne Viltforedling ha vore med på utviklingsprogrammet SMB-utvikling.

Eit reint eventyr

Lierne Viltforedling er heileigd av reineigarar i Nord-Trøndelag. Då bedrifta starta samarbeidet med Innovasjon Norge i 2013 var målet å auke omsetaden frå 12 til 20 millionar kroner. Innan 2016 var omsetnaden auka med 40 % - og i 2015 sikra dei ytterlegare vekst og signerte ein storkontrakt med Grilstad. Pila peikar oppover, og mykje er takka vere det mobile viltmottaket og dets 21 år gamle opphavsmann.

/link/21fd94f3bcc04f24b7f0439ed247fabc.aspx

Historia til Lierne Viltforedling kan skildrast som eit reint eventyr.

Verdsmeisteren

21 år gamle Martin Østnor danka ut 1100 deltakarar i kategorien industrimekanikk då han tok gull i VM i yrkesfag i Brasil 2015. I Lierne Viltforedling jobbar han blant anna med å effektivisere, reparere og vedlikehalde eksisterande maskiner, og sette opp maskiner og utstyr. Han kjem også frå tid til annan opp med ein liten innovasjon her og ein innovasjon der – som vi ikkje kan fortelje så mykje om. Det vil vere å avsløre bedriftshemmelegheiter. Utviklinga av det mobile viltmottaket er derimot inga hemmelegheit.

/link/4b150c2eefe1461bb2056da3d7506be5.aspx

Martin Østnor (22) står bak fleire viktige innovasjonar for Lierne Viltforedling – blant anna det mobile viltmottaket.


– Det var eit veldig artig prosjekt å vere med på å lage det mobile viltmottaket. Det er også veldig stas at det viste seg å funke slik vi tenkte det også, seier Østnor.

– Martin er ein kjemperessurs, og ein aldri så liten lokalkjendis på grunn av alt han har fått til. Det heng eit bilete av han på matbutikken, og anerkjennelsen er velfortjent. Han er flink til å utfordre det beståande og hjelper oss med å utvikle oss, supplerer Kvemo. 

– SMB-Utvikling har fungert «styggbra»

Også Lierne Viltforedling har delteke i SMB-utvikling, og seier det har hjulpe dei å føle press på å gjennomføre planar dei har.

– Omstillingsprogrammet har sparka oss litt i leggen og sikra oss framdrift, og SMB-utvikling har fungert «styggbra» for oss. Det har gjort litt vondt, men er veldig viktig. Vi har satt utvikling på dagsorden, vi legg lista høgt og vi gjennomfører med god støtte frå ressursane i omstillingsprosjektet, seier Kvemo.

– Det var ein stor dag då vi fekk omstillingsmidlar. Det har også ansvarleggjort oss. Vi har mange rundt oss som kjempar for at bygda vår skal halde seg levande, og vi opplever god støtte. Det gir oss grunn til å halde fram å utvikle oss og å skape verdi.

/link/271e77bec8b34aa984f2bbc5a6c58b23.aspx

Det mobile viltmottaket er klart til bruk.

God kultur for å støtte kvarandre

Samtlige 10 bedrifter i Lierne som har delteke i SMB-Utvikling har gått vidare med prosjekta sine – eit sterkt signal om at det fungerer. Ingen har stoppa opp i prosessen, og mykje av takka er dei gode ressursane som bedriftene har tilgjengeleg, både i omstillingsprogrmamet og blant kvarandre, seier Tor-Erling Inderdal.

– Bedriftene er flinke til å utnytte dei tilgjengelege foraene for å snakke ilag og utveksle erfaringar. Det er ein god kultur for å hjelpe og støtte kvarandre på tvers av omstillingsområda, også. Innovasjon Norge og omstillingsprosjektet fungerer som eit bindeledd mellom dei, og det er låg terskel for å stille spørsmål og gi kvarandre gode råd. Det er veldig verdifullt. seier han.

På spørsmål om kvar Lierne hadde vore utan omstillingsprogrammet, er Inderdal tydeleg.

– Vi ville framleis ha hatt dei fandenivoldske eldsjelene med dei gode idéane, men vi hadde ikkje hatt moglegheita til å realisere alle dei gode prosjekta på same måte, og gjere dei levedyktige.