Suksessoppskrifta frå Gratangen

Gratangen har allereie nådd målet dei sette seg då dei fekk omstillingsstatus. Ingrediensane i suksessoppskrifta omfattar blant anna å viske ut kommunegrenser, definere tydelege roller – og å jobbe med nettverk.

/link/bde3e63f5b1c44028b2af9b725c39e60.aspx

Omstillingsprogrammet SPIRE i Gratangen hadde som mål å etablere 25 nye arbeidsplassar innan 2018. Då målet blei nådd og forbigått allereie i 2015, med etablering av hele 35 nye arbeidsplassar, heva dei lista og sette det nye målet til 80 arbeidsplassar.

Den største auken av nye arbeidsplassar er innanfor havbruk og bygg og anlegg, i tillegg til nokre arbeidsplassar innan reiseliv.

- Gløym kommunegrensene

Næringa i Gratangen er fargelagt med same fargeblyantar som himmelen og havet som omringar den naturskjønne kystkommunen. Næringslivet består av mellomstore og små aktørar, gjerne familiebedrifter, som alle har ei sterk interesse av vekst i nærområdet.

- Vi er heldige som har eit næringsliv som sjølve ser verdien i å skape vekst i lokalområdet. Ei viktig årsak til at vi har denne gode utviklinga er blant anna at vi har ignorert kommunegrensene, og samarbeidd med naboane våre om ein felles bu- og arbeidsmarknad, seier Linda Flaaten-Stokkan i SPIRE.

- Ein viktig del av jobben vår i omstillingsorganisasjonen SPIRE er å sette folk i næringslivet saman for å danne nettverk, og då blir det feil å avgrense dette til innafor kommunegrensa. For å løfte Gratangen ser vi at det nyttar å samarbeide med næringslivet i områda rundt, og vi opplever at det er ein like stor eigarskap i nabokommunene våre som i Gratangen til utviklinga vi no er i ferd med å få til, fortel Flaaten-Stokkan.

Gode råd til andre omstillingsorganisasjonar 

Linda Flaaten-Stokkan jobbar 50% i kommunen som næringspropell, og 50 % som leiar av omstillingsorganisasjonen SPIRE, og Cato Haakseth jobbar 100% i SPIRE. Alle må finne sin måte å gjøre det på ut fra ressurser og organisasjonsform, men Linda og Cato har nokre gode råd til andre som jobbar med omstilling for å unngå å stagnere.

- Vi skal vere ein tilretteleggjar for utvikling i næringslivet, og då er vi nøydde til å kjenne menneska der ute. Vi reiser mykje rundt og besøker bedrifter og næringsmiljø, slik snappar vi opp nye tankar og strøymingar og kjem lettare på nye måtar å hjelpe folk på. Vi gjer alvor av å bygge nettverk. Vi koplar menneske og bedrifter saman slik at dei kan finne nye måtar å samarbeide og utvikle seg sjølve og kvarandre på, seier dei.

Linda og Cato har også drege nytte av å definere tydelege roller.

- Eit råd er å definer rollene til organisasjonen med ein gong, og tydeliggjere mandatet overfor alle involverte aktørar i omstillingsprosessen, både i det offentlige og i næringslivet. Det kan fort bli lett for andre rundt oss å tenke at vi er dei som skal løyse alle sine problem dersom vi ikkje er tydelege på kva som krevst av andre også, seier duoen. Dei er også overtydde om at det er viktig å involvere næringslivet på alle plan, blant anna å ha dei med i styret.

- Vi anbefalar å ha med næringsaktørar i styret. Det er dei som sit på den daglege drifta og kan vere tydelege på kvar skoen trykkjer. Slik unngår ein også at prosessen blir for politisk styrt – det tener ingen, meiner dei.

- Bruk verktøykassa frå Innovasjon Norge! 

Like viktig som å få til endringar og framdrift, er det å synleggjere kva som faktisk har blitt gjort. Linda og Cato rår alle i omstillingsområda der ute å nytte seg av verktøya og ressursane som Innovasjon Norge har tilgjengeleg.

- Verktøykassa frå innovasjon Norge har verkeleg gjort arbeidet vårt effektivt. Programstatusvurderingane vi må levere er knalltøffe, men desse er ekstremt nyttige for å systematisere og synleggjere kva vi får til og kva vi treng å gjere, både for oss sjølve og for andre. Tilgangen til prosjektmalar, årshjul og felles omgrep er uvurderleg, og vi har hatt mange a-ha-opplevingar i denne prosessen, seier dei.

- Ein kan seie kva ein vil om omfattande rapporteringskrav, men det er veldig hjelpsomt å sjå tydeleg på papiret kva vi faktisk har skapt og kva som skjer. Det er knalltøffe prosessar som hjelper oss å gjennomføre prosjekt, og ikkje minst synleggjere det viktige arbeidet vi gjer. Det er veldig motiverande.

Dei fleste aktørane her er lokalt eigde, dei har kapital som dei ønskar å legge att lokalt. Slik er vi heldige, seier dei.

Byggjer for framtida

I 2016 blei det satt opp eit næringsbygg på 3100 kvadratmeter på Brattberg næringsområde i Gratangen. Omstillingsprogrammet SPIRE har vore ein bidragsytar i planleggingsfasen av prosjektet, som er sjølve manifestasjonen av kva ein får til når mange aktørar går saman for å skape utvikling.

Det er Astafjord Industrier som står bak investeringa av bygget. Selskapet er eigd av Forte Narvik Invest AS, Siva Eiendom Holding AS, Gratanglaks AS, Linmo AS, Boligplan AS, Kleiva Fiskefarm AS og Astafjord Slakteri AS. Det nye næringsbygget er nært eit kollektiv av ulike aktørar som jobbar saman i havbruksnæringa.

Det toppmoderne slakteriet til Astafjord Smolt er i gang med utbygging av nytt smoltanlegg som forsyner Gratanglaks, som slaktar hos Astafjord slakteri, og snart kjem bedrifta Kasseriet AS inn, som skal produsere fiskekasser i isopor lokalt for å spare både miljøet og kostnaden med frakt.

- Dette prosjektet hadde ikkje vore igangsatt no hadde det ikkje vore for Innovasjon Norge. SPIRE har hjulpe oss og pressa fram framgang. Det er lett for oss som sit på produksjonen å vere oppslukte i den daglege drifta, og dei har hjulpe oss med å halde tunga rett i munnen og sørga for framdrift, seier dagleg leiar for Gratanglaks, Tore Lundberg.

Grønt og blått

Næringa er blå, men prosjektet har også eit hint av grønfarge over seg. Miljøvenleg produksjon er eit viktig fokus i alle ledd av utviklinga. Det er ein plan om å utnytte rest-råstoffet frå slakteriet til blant anna olje- og melprodukt. Dette er eit ledd i målet om å ta heile fisken i bruk – under eitt tak. Det som tidlegare har blitt klassifisert som avfall vil i staden bli nytta som kosttilskot.

Kassefabrikken og olje- og melproduksjonen skal nytte seg av resirkulert energi frå produksjonen, og produksjonen vil derfor vere både kostnadseffektiv og miljøvenleg.

- Tradisjonelt har overskotsvarmen frå produksjonen forsvunne ut i lufta. No fangar vi denne varmen og sender den til ein energisentral som vil kunne resirkulere og gjere ny nytte. Jo fleire som utnyttar denne energien jo betre, seier Lundberg.


Smoltens år

2016 var smoltens år i Gratangen. Det byggjast eit nytt smoltanlegg som også skal bli visningsanlegg som også skal nyttast til undervisningsføremål. Anlegget har fått ein attraktiv visningskonsesjon som skal hjelpe til å auke kunnskap om lakseproduksjonen, og ikkje minst betre omdømmet til næringa.

Sidan Gratangen fekk omstillingsstatus har det blitt etablert heile 52 nye bedrifter. Dette er eit strategisk grep for å profesjonalisere dei forskjellige ledda i produksjonen.

- Vi har i denne perioden organisert oss i ein ny struktur og spreidd oss over fleire og nye selskap. Dette har ført til auka profesjonalisering. Vi har auka talet på tilsette, og samtidig har vi eit særs godt samarbeid oss bedrifter imellom, seier Lundberg. 

 Næringsbygget gir muligheiter for nye etableringar og ny teknologi – så kva ventar dei på?

Folk.

- Vi treng fleire folk, rett og slett, og meir kompetanse frå til dømes prosessteknikarar, fiskerikandidatar og aquateknikarar. Vi har lokalet, teknologien og muligheitene, men no er vi på jakt etter menneska som skal vere med på å drive denne utviklinga vidare, supplerer Linda i SPIRE.    

- Å skaffe nye arbeidsplassar er drivkrafta vår. Vi har bygd stein på stein, og ved hjelp av SPIRE klarar vi å halde eit langsiktig fokus samtidig som vi styrer med den daglege drifta.  

Omstillingsstatus var viktig

- Omstillingsstatusen til Gratangen var utløysande for oss. Det har vore eit godt samarbeid mellom Troms fylke, kommunen og private aktørar, og SPIRE med Cato og Linda har gått i bresjen og pusha oss skikkeleg. Det er takka vere dei vi er der vi er i dag. Dei har hindra oss i å parkere prosjekta våre når vi har møtt utfordringar. Utan omstillingsstatus hadde vi ikkje bygd ut desse areala så raskt som vi har gjort heller, seier styreleiar Stein Ivar Antonsen.

- Det har vore ei rivande utvikling dei siste åra, særleg takka vere Innovasjon Norge og omstillingsprogrammet. Vi ønskar å utvikle oss vidare og satse på kompetanseheving, og då treng vi fleire flinke folk med spisskompetanse, seier Antonsen.