• EN
  • Logg inn
  • Bygdeutviklingsprisen 2015

    Har du starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar? Då kan du vinne 300 000 kroner.

    Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.

    Rørosmat vant den nasjonale Bygeutviklingsprisen 2014. Fra v: Statsråd Sylvi Listhaug. (t.v.), styreleiar i Rørosmat Ingulf Galåen, daglig leiar i Rørosmat, Kristin Bendixvold og Anita Krohn...

    Rørosmat vant den nasjonale Bygeutviklingsprisen 2014. Fra v: Statsråd Sylvi
    Listhaug. (t.v.), styreleiar i Rørosmat Ingulf Galåen, daglig leiar i Rørosmat,
    Kristin Bendixvold og Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i
    Innovasjon Noreg.



    Foto: Vidar Alfarnes

    Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får
    50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.

    Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:

    • Økonomisk resultat/lønsemd
    • Nyskaping/originalitet
    • Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
    • Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet