Kurs: Styreutvikling, innovasjonsledelse og samfunnsansvar

Informasjon

1. samling Loen 2. samling Førde Påmeldingsfrist: 2018-02-25 23.59 Kontakt: Ann Elisabeth Tveit Eigendel kr 7.500,- 27.02.2018 08.00.00 28.02.2018 16.00.00 Europe/Oslo Kurs: Styreutvikling, innovasjonsledelse og samfunnsansvar Kurs i Styreutvikling, innovasjonsledelse og samfunnsansvar Ann Elisabeth Tveit ann.elisabeth.tveit@innovasjonnorge.no Legg til i kalender

Eit kompetent og velfungerande styre er vesentleg for utviklinga av verksemda di. I tillegg til å setje retning og strategi for verksemda, kan styret bidra med kompetanse og nettverk som har stor verdi for selskapet. Samtidig er det viktig at styrets medlemmar er klar over det ansvar og forpliktelsar som fyl med det å sitje i eit styre. 

Styreutvikling, innovasjonsledelse og samfunnsansvar!

Desse tre fokusområda knyttar seg til trendar i tida vi lever i og innovasjon og omstillingsledelse blir stadig viktigare i eit samfunn i rask teknologisk og sosial utvikling. Omdømme, samfunnsansvar og etikk får auka merksemd i ein stadig meir transparent og kommunikativ verden. Og sist, men ikkje minst, auka krav til ledelseskompetanse og ledelsesutvikling. I ei tid då både næringsliv og samfunn har forventningar til styret om å ta ei aktiv rolle i utforming av bedriftas strategi, blir det også viktig at styret har kompetanse på desse områda.

Kurset gir kunnskap om sentrale problemstillingar og teoriar som har betydning for praktisk utøvelse av styreverv, og er relevant for deg som innehar rollar som styreleier, styremedlem eller dagleg leiar. Sentralt i kurset er forståelsen for sammenhengen mellom bedriftas overorda styringsimpulsar - visjonar / strategiar, bedriftas styringssystem - organisatoriske, juridiske og økonomiske forhold, den praktiske organisering og prosessane i styrerommet.

Handelshøgskolen BI har over fleire år utvikla kurs i styrekompetanse, og står for det faglege innhaldet. Kurset vert leia av Kjetil Hveding og Tore Bråthen, som begge har mange års erfaring med styreverv. Dei er begge utmerka formidlarar som gjer stoffet relevant og interessant for deltakarane. 

Kurset gir 7,5 studiepoeng og går over 5 dagar, fordelt på to samlingar. Innlevering av prosjektoppgåve som eksamen. Kurset for Sogn og Fjordane vert gjennomført i Loen og Førde. 

Praktisk informasjon:

1. samling: 

27. - 28. februar Alexandra hotel i Loen med førelesar Tore Bråthen

2. samling:

9. - 11. april på Scandic Sunnfjord hotel i Førde med førelesar Kjetil Hveding

(Oppgi "Styrekompetanse Innovasjon Norge" ved evt bestilling av kost/losji. Lunsj er inkl i i eigendel)

Pris: kr 7.500,- i eigendel (Ordinær pris kr 16.300,-)

Eigendel dekker sjølve kurset med lunsj alle dagar. Kostnader til kursmateriale, reise, kost og losji kjem i tillegg.

PIN KODE 2018

Regler for deltakelse på våre arrangementer: 

Innovasjon Norge har nulltoleranse mot diskriminering, trakassering og andre former for krenkende eller utilbørlig atferd. Dette gjelder også på våre arrangementer. Atferd i strid med disse grunnleggende prinsippene, vil kunne føre til bortvisning fra arrangementet, straffeansvar og/eller erstatningsrettslig ansvar.

Innovasjon Norge vil være behandlingsansvarlig for dine personopplysninger. Se vår personvernerklæring.