Kurs: Leiarprogram for kvinner i Sogn og Fjordane - framtida er no!

/contentassets/05172923247c43ca84c64ca7cbdd0992/kvinnelig-leder-foto-sam-edwards-getty-images-nettside.jpg?width=1168
Foto: Sam Edwards/Getty Images

Informasjon

Voss Store Ringheim hotell & restaurant Påmeldingsfrist: 2018-12-15 00.00 Kontakt: Ann Elisabeth Tveit Eigendel kr 24.000,- 06.02.2019 11.30.00 07.02.2019 12.30.00 Europe/Oslo Kurs: Leiarprogram for kvinner i Sogn og Fjordane - framtida er no! Store Ringheim hotell & restaurant Ann Elisabeth Tveit ann.elisabeth.tveit@innovasjonnorge.no Legg til i kalender

Å endre historia krev mot, handlekraft og aksept!

Vi treng fleire kvinner i leiande posisjonar og er du allereie leiar eller har eit ynskje om å bli det, vil dette kurset vere eit godt val. Programmet er krevande, men gøy, energiskapande og lærerikt!

Kurset er først og fremst retta mot kvinner i Sogn og Fjordane som er busett, arbeider og har ei form for naturleg tilknytning til fylket. 

 

Søknadsskjema finn du nederst på sida! 

Dei færraste menn har noko imot kvinner, men det er likevel ikkje så enkelt å velje kvinner. Vi er ulike, og det tryggaste blir ofte velje dei som er lik oss sjølve.

Å ikkje vere merksam kan få store konsekvensar. Å ikkje forstå konteksten kan auke stress og redusere effektivitet. Klokskap er eit godt reiskap! 

Dette programmet gjer kvinner endå betre rusta til å stå i leiarrolla, og til å ta fleire leiarposisjonar i framtida og deltakarane er kvinner i leiarposisjonar eller som kan tenkje seg å verta leiar i framtida.

Programmet er forskningsbasert og teoretisk forankra frå ulike fagretningar og etter fullført kurs har vi endå fleire modige kvinner og kvinner som forstår den konteksten vi er ein del av.

 

Kurset er modulbaset og består av fire samlingar:

1. samling: Vi er framtida,  6.-7. februar 2019

2. samling: Purpose og handlekraft, 20.-21. mars 2019

3. samling: Den modige mannen, 23. og 24 . april 2019

4. samling: Å forstå lite, men nesten alt likevel, 11.-12. juni 2019

Gro Mykkeltvedt jobbar som bedriftsrådgjevar hjå Grow Competence Consulting og har utvikla programmet og står for det faglege innhaldet.

Det vil vere dyktige føredragshaldarar og du får tett oppfølging under heile programmet.

Praktisk informasjon:

Innovasjon Norge vil bidra til å endre historia og dekker store deler av kursavgifta og du må ha tilknytning til Sogn og Fjordane for å delta på kurset.

Pris for heile programmet er kun ein eigendel på kr 24.000,- inkl. overnatting med frukost, middag, og lunsj begge dagane. Reise kjem i tillegg. (Ordinær pris er kr 63.000,-)

Begrensa antall plassar, max 15 stk! 

 

Regler for deltakelse på våre arrangementer: 

Innovasjon Norge vil være behandlingsansvarlig for dine personopplysninger. Se vår personvernerklæring

Deltakerlister fra arrangementer i regi av Innovasjon Norge vil kunne offentliggjøres, og/eller bli distribuert mellom deltakerne. Dersom du har spørsmål rundt dette, ta kontakt med arrangementsansvarlig før påmelding.

Innovasjon Norge har nulltoleranse mot diskriminering, trakassering og andre former for krenkende eller utilbørlig atferd. Dette gjelder også på våre arrangementer. Atferd i strid med disse grunnleggende prinsippene, vil kunne føre til bortvisning fra arrangementet, straffeansvar og/eller erstatningsrettslig ansvar.