Tidlegare vinnarar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

2016

Johan Fredrik Bråstad Kristiansen, Aust-Agder. Produksjon av blomster

2015

Tor Oxhovd Svalesen, Oppland. Produksjon av bioenergi

2014  Rørosmat, Sør-Trøndelag. Merkevarebygging og salsselskap lokalmat

2013

Moer gård og Norwegian Antibodies AS ,  Akershus. Produksjon av egg og antistoff frå egg
2012  Hillestad Gård, Aust Agder. Feriesenter, smykkeproduksjon og galleri.
2011
Haaheim Gaard, Hordaland. Gardsrestaurant med høg kvalitet på mat og servering, kulturarrangement m.v.
2010  Bakeriet i Lom, Oppland. Handverksbakeri basert på lokale råvarer
2009

Edel Design AS, Hedmark. Design og produksjon (på gardsbruket i Ringsaker) av norsk klesmerke i reine naturmaterialar.
2008

Ingrid Lekve og Jon Karlsen, Hedmark. Allsidig med sauehald, foredling og omsetning av lam, Inn på tunet ”Levande læring”, Grønn trapp m.v.
2007 Lofotlam, Nordland. Merkevareprodukta Lofotlam
2006 Norsk Matraps, Østfold. Matrapsolja Odelia
2005


Den Gyldne Omvei, Nord-Trøndelag. Felles marknadsføring og profilering av "omvegen" som merkevare på ein heilskapleg måte med omsyn til natur, kultur og kvalitet.
2004

Line Bergsund og Trond Andersen, Buskerud. Trening av travhest. Årets travtrenar 2004.
2003 Pruglhei gård, Nordland. Slakteri, matforedling, servering, gardsbutikk
2002

Steindal Gård, Rogaland. Grøn omsorg, bl.a. bu- og arbeistrening for psykiatriske pasientar.
2001

 Gangstad Gårdsysteri, Nord-Trøndelag. Produksjon av camembert, muggost, salatost og konfektost.  
2000


Solem Sag ANS, Møre og Romsdal. Utnytting av nordmørsfurua til spesialprodukt. Lafteplank, spesialdimensjonar, villmarkspanel, dekksplank og møbelemne av gråor
1999


 Fausko gard og skysstasjon, Buskerud. Gard med økologisk drift og nyrestaurert skysstasjon. Kurs- og konferanse­marknaden med opplevingar og matkultur.
1998

Aron Mat, Troms. Foredling av kjøtt. Seinare deltakar i eksportframstøyt av fenalår til Italia.
1997

Ivar Løne, Hordaland. Foredling av smalahove og serveringsverksemd der kulturoppleving, smalahove og vossaøl er berande element