Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

I Sogn og Fjordane opnar Innovasjon Norge for innsending av søknader på følgjande datoar, sjå nedanfor. Søknader som kjem inn i tidsintervalla nedanfor vil bli handsama opp mot kvarandre og dei beste prosjekta, med omsyn til ressursgrunnlag og lønsemd, vil bli prioritert.

Mjølkeku                                           1. januar – og innan 20. februar.
Ammeku                                            1. februar – og innan 20. mars.
Sau, geit, gris, kylling og egg            1. mars – og innan 20. april
Gjødsellager                                       1. april – og innan 20. mai.

Heile året. Søknader innan desse områda vil bli handsama fortløpande:

- Frukt og bær
- Nye næringar/tilleggsnæringar
- Generasjonsskifter innan alle gruppene (mjølk, ammeku, sau osv.)

Prioriterte tiltak/områder:

Tradisjonelt landbruk

  • Omlegging frå båsdrift til lausdrift for mjølkeku.
  • Etablering av, og omlegging til ammeku.
  • Fornying av driftsbygningar til sau.
  • Rydding og nyplanting av frukt, og tunellar for bringebær.
  • Gjødsellager

Nye næringar

  • Mat og drikke med lokal identitet, herunder produksjon og foredling.
  • Landbruksbasert reiseliv.
  • Inn på tunet

Ikke prioriterte tiltak/områder:

Tradisjonelt landbruk

  • Nyetablering og kapasitetsauke innen egg, kylling og smågrisproduksjon.
  • Nyetablering og store utvidingar innan sauehald
  • Lager, reiskapshus og verkstad.
  • Mindre prosjekt; det er ingen nedre kostnadsgrense, men støtte fra Innovasjon Norge skal ha stor betydning for eventuell gjennomføring av prosjektet.

Utmåling

Generelt
På grunn av knappe rammer, kan også prosjekter innen dei prioriterte områda få avslag.

Investeringar (tradisjonelt landbruk og nye næringar)

Inntil 35 % i tilskot av godkjent kostnadsoverslag. Normalt vil støttesatsen ligge på 20 – 25 % av godkjent kostnadsoverslag. Særskild innovative prosjekt kan få inntil 35 % støtte.

Inntil kr 2 000 000,- i tilskot til godkjente kostnader.

Tilskot ved generasjonsskifte (tradisjonelt landbruk og nye næringar)

Inntil 50 % i tilskot av godkjente kostnader for menn og inntil 70 % tilskot til godkjente kostnader for kvinner. Inntil kr 300 000 i godkjente kostnader.

Etablerartilskot (oppstart av nye næringar)

Inntil kr 300 000,- i tilskot i ideavklarings-/ marknadsavklaringsfasen, inntil 75 % av godkjente kostnader.

Inntil kr 300 000,- i tilskot i etablerings-/ kommersialiseringsfasen, inntil 75 % av godkjente kostnader.

Bedriftsutviklingstilskot (nye næringar)

Inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag.

 

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå nettsida til Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Der finn du mykje relevant informasjon.

Kontaktperson innan tradisjonelt landbruk, hagebruk og Inn på tunet

Vemund Aartun
Tlf: 992 93 696
E-post: vemund.aartun@innovasjonnorge.no

Kontaktperson innan lokal foredling og landbruksbasert reiseliv

Sjur Sekse
Tlf:  900 74 446
E-post: sjur.sekse@innovasjonnorge.no