29-2 Aurland AS tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2018

Reiselivsverksemda 29-2 Aurland AS vil gje dei besøkjande minne som helst ikkje set spor i naturen. I dag vart både gode minne og positive spor i lokalsamfunnet heidra då den allsidige verksemda vann Bedriftsutviklingsprisen i Sogn og Fjordane.

Moderne bønder vinn pris.

Moderne bønder vinn pris.

Foto: 29|2 Aurland/Montag

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

  • Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.
  • Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.
  • Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
  • Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2019.

I år er det seks år sidan ekteparet Tone Rønning Vike og Bjørn Vike og familien flytta frå Bergen til Aurland og overtok familiegarden. Dei har foredla den gamle bygningsmassen på garden gjennom restaurering, ombygging, påbygg og nybygg. Alt er utført med kvalitet og stor kreativitet, men med respekt for det gamle. I dag tilbyr dei ei eksklusiv oppleving for turistar som er ute etter ei anna oppleving i ein spesiell natur.

Held liv og lys i husa
- Da vi solgte huset vårt i Bergen og slo oss ned her i Aurland i 2012, hadde det ikke vært tradisjonell drift på gården på nærmere 30 år. Vi er “moderne” bønder; vi driver ikke med dyr, men bruker gårdens ressurser på en ny måte: elvefiske, kjøkkenhage, stølsbesøk, kulturformidling, og sist men ikke minst holder vi liv og lys i husa, seier ekteparet som har dreve garden sidan 2014.

Det populære gardshotellet er lokalisert ved Aurlandselva i Nærøyfjorden Verdsarvpark, der ekteparet driv med overnatting, servering og opplevingar i naturen. Alt tek utgangspunkt i ressursane på garden og nærområdet, i samarbeid med andre lokale aktørar. Verksemda har eit stort fokus på berekraftig reiseliv og har tilbod til turistar som er ute etter ei annleis oppleving.

29-2 Aurland AS har fått innpass i den såkalla “high-end”-marknaden og vender seg til ei betalingsvillig, velutdanna og sprek kundegruppe som søkjer softadventure-opplevingar i det unike fjell- og fjordlandskapet i Indre Sogn. Dei skreddarsyr pakkar og turar der dei ofte sjølve er guidar og serverer økologisk og lokal mat.

Små fotavtrykk
29-2 Aurland AS har hatt ein god omsetningsvekst sidan oppstarten i 2014 og har bidrege positivt med sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet. Verksemda fokuserer på å utnytta lokale ressursar og fremja den lokale kulturen.

- Tanken vår om bærekraftig turisme innebærer at vi skal sette små fotavtrykk i Verdensarvområdet og at turismen skal komme lokalmiljøet til gode, seier Tone Rønning Vike.

- 29-2 Aurland er ei reiselivsverksemd som verkeleg tek vertskapsrolla si på alvor, dei set kunden i fokus og leverer unike opplevingar som gjestene seint vil gløyme. Vertskapet har eit medvite forhold til kven dei henvender seg til og har difor eit fokus på autentisitet og matopplevingar som treff kundegruppa, i tillegg til berekraft og kvalitet som ligg til grunn for alt dei gjer. Vi er stolte over å ha samarbeidd med Tone og Bjørn i 29-2 Aurland, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland.

Visjonen til 29-2 Aurland AS er at Aurland skal verta verdens “Vandrarhjarte” meir enn cruisedestinasjon. Dei har gjennom satsing på aktivitetar med gå, vandre, sykle, ro og padle treft ei “nerve” med sine slow adventure-aktivitetar; der helseturisme er den nye trenden.

Juryen har bestått av:

  • Karen Marie Hjelmeseter, juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur
  • Merete Støfring, Sogn og Fjordane Bondelag
  • Jon Anders Stavang, Fylkesmannen si landbruksavdeling
  • Ann Elisabeth Tveit, Innovasjon Norge

Kontaktpersonar:

  • 29-2 Aurland AS, v/Tone Rønning Vike, mob 900 26 156
  • Innovasjon Norge Vestland, v/Kristine Kopperud Timberlid, mob 952 26 051
  • Juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, mob 918 47 736

Pressa er velkomen til prisutdelinga på Fylkestinget i Balestrand 19. oktober kl 10 på Kviknes Hotel.