Innsats nr 2 2011: Det er inga skam å bli rik

Gunn Ovesen hevdar at i somme tilfelle er bedriftseigarane så forelska i sin eigen teknologi, at dei gløymer å sjekke om marknaden faktisk vil ha det dei lagar.

Det nyaste nummeret av Innsats handlar i det store og heile om marknadsorientering.

Marknadsorientering
Temaet i stort er marknadsorientering. Vi skriv om moglegheiter, årsakar og utfordringar, og ser på kva vi kan gjere for at norske verksemder skal bli meir marknadsorienterte. Vi har også mange gode eksempel på at det er mogeleg. Ulstein Group, Norwegian, Salma og Ekornes er nokre av dei som verkeleg har fått det til.


Samtale med Utanriksministaren
Vi har vore så heldige å få til eit intervju med Jonas Gahr Støre som seier at Noreg er heilt avhengig av å utnytta moglegheiter i utlandet.

- I ei tid med stor politisk og økonomisk uro må verksemdene være forberedt på å møta uforutsette hendingar, men de må òg væra klar til å gripe uventa moglegheiter, seier han mellom anna i det firesiders intervjuet.


Meiningar på Facebook og Twitter
Vi håpar at lesarane av Innsats og fylgjarane våre på Twitter og Facebook synest at dette er eit så interessant tema at dei tek debatten på nett. Vi oppmodar alle om å gå inn på Innovasjon Noregs sosiale medium og bli med på debatten.

Har ikkje du vore inne og “likt” oss enno ? Då finn du Innovasjon Noreg på: Facebook og Twitter