Bygg Bedrift for reiseliv - Sogn og Fjordane

/globalassets/0-innovasjonnorge.no/om-innovasjon-norge/vare-kontorer/vestland/ornesvingen-geiranger-112008-99-0166_cropped.jpg?width=1168
Foto: CH/visitnorway.com

Informasjon

Skei Thon hotel Påmeldingsfrist: 2019-03-02 00.00 Kontakt: Inger Merete Øygard 2. samling er 29. - 30. april og deltakaravgift på kr 1500,- 27.03.2019 11.30.00 28.03.2019 13.00.00 Europe/Oslo Bygg Bedrift for reiseliv - Sogn og Fjordane Thon hotel Inger Merete Øygard inger.merete.oygard@innovasjonnorge.no Legg til i kalender

Innovasjon Norge Vestland inviterer reiselivsbedrifter i Sogn og Fjordane, som har ambisjon om å skape berekraftig vekst og lønsemd i reiselivsbedrifta si, til Bygg Bedrift. Dette er eit kompetanseprogram for forretningsutvikling, med mål om at små reiselivsbedrifter skal kunne bygge opp ei lønsam bedrift.

(Søknadsskjema finn du nederst på sida)

Kven passar kurset for?

Bygg Bedrift passar for deg som skal utvikle noko nytt, anten du gjer dette i ei bedrift som er i oppstartfasen, eller du skal utvikle ein ny forretningsidé i eksisterande bedrift. Programmet passar for deg som har ambisjon om å skape berekraftig vekst og lønsemd i reiselivsbedrifta di.

Kva lærer du?

Deltakarane får arbeide med å utvikle eigen forretningsidé og forretningsmodell og om korleis dei kan styre mål og oppgåver. Dei lærer også korleis dei kan involvere kundar i arbeidet med å forbetre produkta. Deltakarane lærer også om kjelder for marknadskunnskap, korleis dei kan utvikle reiselivsprodukt med utgangspunkt i marknadsbehov og korleis dei kan velje dei rette marknadane for eiga bedrift. 

I løpet av Bygg Bedrift-programmet lærer deltakarane å bruke eit nettbasert arbeidsverktøy for reiselivsentreprenørar. Her kan dei jobbe med drifta i bedrifta og med utviklingsoppgåver og fokusere på løpande forbetringar. Verktøyet let dei utarbeide ei enkel oversikt over prosjektet sitt som kan brukast som grunnlag for presentasjonar og kommunikasjon med samarbeidspartnarar og støttespelarar, f.eks  med Innovasjon Norge. 

Lean Business Entrepreneurship Platform er ei plattform som vil hjelpe bedriftene til å skape idear og gjere dei til verklegheit. Plattforma er utvikla over flere år i samhandling med over 10 000 bedrifter og er basert på ein heilskapleg filosofi for forretningsutvikling.

Praktisk informasjon

Bygg Bedrift går over to lunsj-lunsj samlingar. Kurset vert gjennomført i samarbeid med Lean Business.  

Det er ein føresetnad at du kan delta på begge samlingane.

Fagleg ansvarleg: Erlend Bang Abelsen, LeanBusiness, erlend@leanbusiness.no.

Deltakaravgift
Deltakaravgifta er kr 1 500,- per person og inkluderer det faglege, samt 4 lunsjar og 2 middagar. Vi møtes til middag kl 1900.

  1. samling: 27. mars kl 11.30 - 28. mars kl 13.00, Thon Hotel Jølster, Skei. 
  2. samling: 29. april kl 11.30 -  30. april kl 13.00, Thon Hotel Jølster, Skei.

Deltakarar må sjølv bestille og gjere opp for/dekke overnatting på hotellet. Følgjande prisar gjeld:

  • Overnatting for 1 person i enkeltrom inkl frukost kr 1115,-.
  • Overnatting for 2 personar i dobbeltrom inkl frukost kr 1315,-.

Det er avgrensa antall plassar med ein deltakar pr bedrift og du får svar på søknaden din i løpet av veke 9.

 


Program

1. samling - Strategi: Dag 1 kl 1200-1800/dag 2 kl 0900-1300:

  • Introduksjon til entreprenørskap og marknadskunnskap for reiselivsbedrifter.
  • Marknadskunnskap basert på turistundersøkingane.
  • Kva trendar ser vi innan reiselivet?  
  • Kva driv deg framover - kartlegg eigne verdiar, langsiktige mål og øvrige ressursar.
  • Lag og test forretningsidéane dine med utgangspunkt i marknadsbehov? 
  • Lag og test forretningsmodellane dine. 
  • Reiselivets verdikjede og sal/ distribusjon i reiselivsmarknaden. 
  • Presentasjonar og diskusjonar.
  • Felles nettverksmiddag.

2. samling – Prosjektet: Dag 3 kl 1200-1800/dag 4 kl 0900-1300:

  • Kva erfaringar har du gjort og kva har du lært sidan sist? Kva har du hatt behov for å endre på?
  • Korleis kan du nytte marknadsdata til å skape ”smarte” mål for di bedrift?
  • Utvikle mål for bedrifta di.
  • Lag oppgåver som støttar måla dine.
  • Er marknaden din stort nok til å leve av den?
  • Økonomi – få overblikk og følg opp.
  • Oppsummering og revisjon: Når må du justere oppgåver, mål, forretningsmodell eller idé? Korleis videreutviklar du prosjektet ditt i tråd med Lean-tankane om kontinuerleg læring og utvikling.

Vilkår for våre arrangementer: 

Innovasjon Norge er behandlingsansvarlig for dine personopplysninger. Se vår personvernerklæring

Deltakerlister fra arrangementer i regi av Innovasjon Norge vil kunne offentliggjøres, og/eller bli distribuert mellom deltakerne. Dersom du har spørsmål rundt dette, ta kontakt med arrangementsansvarlig før påmelding.

Innovasjon Norge tolererer ikke diskriminering, trakassering og andre former for krenkende/utilbørlig atferd. Krenkende/utilbørlig atferd vil kunne føre til bortvisning fra arrangementet, straffeansvar og/eller erstatningsansvar.

Vi gjør hva vi kan for å gjennomføre et annonsert arrangement, men avlysninger kan forekomme. Innovasjon Norge er ikke ansvarlig for eventuelle kostnader/tap du eller andre påmeldte måtte bli påført grunnet et avlyst arrangement.