Frå ide til marknad

/globalassets/kontorer-i-norge/rogaland/fra-ide-til-marked-foto-liam-simpson-nettside.png?width=1168
Foto: Liam Simpson

Informasjon

Florø Aksello, Kvartalet 4. etg Magnus Thingnes gate 1, Florø Påmeldingsfrist: 2019-02-25 14.00 Kontakt: Jørgen Ulrik Berg Gratis, men hugs å meld deg på slik at vi veit at du kjem! 27.02.2019 12.00.00 27.02.2019 15.00.00 Europe/Oslo Frå ide til marknad Aksello, Kvartalet 4. etg Magnus Thingnes gate 1, Florø Jørgen Ulrik Berg jorgen.ulrik.berg@innovasjonnorge.no Legg til i kalender

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen. 

Påmelding nederst på sida.

 Vi vil gå gjennom:

- Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di.
- Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast.
- Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din.

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå. 

Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter(speed dates).

Forretningsmodellering

Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.

Les meir om korleis du kan lage ein forretningsmodell.

LEAN Start-up (smidig oppstart)

Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden.

Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.

Tilskot til gründerar.

Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg  nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.

Les meir tilskot til gründerar.


Nettverk og kompetanse

Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.

 

Vilkår for våre arrangementer: 

Innovasjon Norge er behandlingsansvarlig for dine personopplysninger. Se vår personvernerklæring

Deltakerlister fra arrangementer i regi av Innovasjon Norge vil kunne offentliggjøres, og/eller bli distribuert mellom deltakerne. Dersom du har spørsmål rundt dette, ta kontakt med arrangementsansvarlig før påmelding.

Innovasjon Norge tolererer ikke diskriminering, trakassering og andre former for krenkende/utilbørlig atferd. Krenkende/utilbørlig atferd vil kunne føre til bortvisning fra arrangementet, straffeansvar og/eller erstatningsansvar.

Vi gjør hva vi kan for å gjennomføre et annonsert arrangement, men avlysninger kan forekomme. Innovasjon Norge er ikke ansvarlig for eventuelle kostnader/tap du eller andre påmeldte måtte bli påført grunnet et avlyst arrangement.