• EN
  • Logg inn
  • Kapitaldagen Sogn og Fjordane 2020

    Har bedrifta di behov for kapital? Eller er du ein investor som ser etter spennande investeringar?

    For fjerde året på rad arrangerer vi Kapitaldagen - ein arena for vekst og verdiskaping på Vestlandet. Her får du ein unik moglegheit til å møte investormiljø, spennande oppstartsbedrifter og etablert næringsliv.
     
    Er du gründer kan du pitche din forretningsidé, og det blir høve til individuelle møter i etterkant av arrangementet.
     
    Vi legg opp til fysisk og digital gjennomføring, live frå Larris Scene.
    Program finn du nederst på www.kapitaldag.no.
     
    Registrering med mat frå kl. 09:00, program mellom kl 10:00 - kl 15:30.
     
    Kapitaldagen blir arrangert av Innovasjon Norge Vestland, Kunnskapsparken Vestland, Aksello, Sogn og Fjordane Næringsråd, og NHO Vestlandet.
     
    Arrangementet er ein del av Innovasjonsveka OPP!
     
    -----------
     
    Alle fysiske arrangement frå Innovasjon Norge følgjer gjeldande retningsliner frå Folkehelseinstituttet.

    Førde

    Scandic Sunnfjord hotel

    Påmeldingsfrist: 10 nov 2020

    Kontakt: Leif Inge Husabø

    Gratis