• EN
  • Logg inn
  • Kurs: Leiarprogram for kvinner i Vestland fylke - modul 2 - Myrkdalen

    /contentassets/b72879793a1448c88fe1e060eadbdde8/kvinnelig-leder-foto-sam-edwards-getty-images-nettside.jpg?width=1168
    Foto: Sam Edwards/Getty Images

    Informasjon

    Myrkdalen Myrkdalen Hotel Påmeldingsfrist: 18.10.2020 00.00 Kontakt: Ann Elisabeth Tveit Eigendel 10.11.2020 11.00.00 11.11.2020 13.00.00 Europe/Oslo Kurs: Leiarprogram for kvinner i Vestland fylke - modul 2 - Myrkdalen Leiarprogram for kvinner Myrkdalen Hotel Ann Elisabeth Tveit ann.elisabeth.tveit@innovasjonnorge.no Legg til i kalender

    Vi treng mangfold og vi treng fleire kvinner i leiande posisjonar. Er du allereie leiar eller har eit ynskje om å bli det, kan dette programmet vere eit godt val.

    (Søknadslenke finn du nederst på sida)

    Målsetjinga er at deltakarane skal forstå seg sjølv og kompleksiteten i leiarrolla optimalt. Forventa effekt er  trygge, merksame og handlekraftige leiarar – som skapar engasjement og lønnsemd.

    Modul 2 er ei vidareføring av modul 1 i leiarprogrammet for kvinner. Du må ha fullført modul 1 for å søkje plass på modul 2.

    Modul 2 er for leiarar på eit høgre nivå og som ynskjer å få ei endå djupare og breiare forståing av leiarrolla. Viktige perspektiv som makt, kommunikasjon, krise og eigen leiarstil er blant emnene i denne modulen.

    Målsetjinga ved fullført modul 1 og modul 2 er ein refleksiv og sensitiv leiar.

    Programmet er forskningsbasert og teoretisk forankra frå ulike fagretningar. Målet er at enno fleire skal kjenne seg trygge i leiarrolla si og ta dette med seg vidare inn i rolla i verksemda si.

    Kurset er modulbaset og består av fire samlingar:

    1. samling 10.-11. nov 2020: Makt og kommunikasjon
    2. samling 19.-20. jan 2021: Open, modig og raus
    3. samling 23.-24. feb 2021: Din leiarstil
    4. samling 13.-14. mai 2021: Den sensitive og refleksive leiar

    Gro Mykkeltvedt jobbar som bedriftsrådgjevar hjå evoSpor AS og har utvikla programmet og står for det faglege innhaldet.

    Det vil vere dyktige føredragshaldarar og du får tett oppfølging under heile programmet.

    Praktisk informasjon:

    Innovasjon Norge vil bidra til mangfald i næringslivet og dekker store deler av kursavgifta. Du må ha tilhald i Vestland fylke for å delta på kurset, primært i ein distriktskommune.

    Pris for heile programmet er kun ein eigendel på 25.000,- inkl. overnatting med heilpensjon. Reise kjem i tillegg.

     

     

    Søknadsfrist: 18. oktober 2020! 

    Vilkår for våre arrangementer: 

    Innovasjon Norge er behandlingsansvarlig for dine personopplysninger. Se vår personvernerklæring

    Deltakerlister fra arrangementer i regi av Innovasjon Norge vil kunne offentliggjøres, og/eller bli distribuert mellom deltakerne. Dersom du har spørsmål rundt dette, ta kontakt med arrangementsansvarlig før påmelding.

    Innovasjon Norge tolererer ikke diskriminering, trakassering og andre former for krenkende/utilbørlig atferd. Krenkende/utilbørlig atferd vil kunne føre til bortvisning fra arrangementet, straffeansvar og/eller erstatningsansvar.

    Vi gjør hva vi kan for å gjennomføre et annonsert arrangement, men avlysninger kan forekomme. Innovasjon Norge er ikke ansvarlig for eventuelle kostnader/tap du eller andre påmeldte måtte bli påført grunnet et avlyst arrangement.