Vil du ha de siste nyhetene fra Innovasjon Norge?
  • EN
  • Logg inn
  • Leiarprogram for kvinner i Vestland - modul 1

     Sam Edwards/Getty Images
    Sam Edwards/Getty Images

    Vi treng mangfold og vi treng fleire kvinner i leiande posisjonar. Er du allereie leiar eller har eit ynskje om å bli det, kan dette programmet vere eit godt val.

    Målsetjinga er at deltakarane skal forstå seg sjølv og kompleksiteten i leiarrolla optimalt. Forventa effekt er  trygge, merksame og handlekraftige leiarar – som skapar engasjement og lønnsemd.

    Nokre av fokusområda under programmet:

    • Korleis forstå samanhengen mellom  eige liv og den ein er som leiar?
    • Korleis forstår ein system og relasjonar?
    • Kva betydning har personlege verdiar, profesjonsverdiar og felles verdiar ?
    • Kva samaneheng har relasjonell kompetanse og kommunikasjon?
    • Kor stor verdi har di eiga merksemd i leiarrolla?

    Programmet er forskningsbasert og teoretisk forankra frå ulike fagretningar. Målet er at enno fleire skal kjenne seg trygge i leiarrolla si og ta dette med seg vidare inn i rolla i verksemda si.

    Kurset er modulbaset og består av fire samlingar:

    Innhald modul 1:

    1. samling 17.-18. febr 2021: Samanhengen mellom levd liv og leiarrolla
    2. samling 17.-18. mar 2021: Verdiperspektiv, etikk og merksemd
    3. samling 05.-06. mai 2021: Kontekstuell forståing og erfaringslæring
    4. samling 17.-18. juni 2021: Kva handler leiing egentlig om?

    Gro Mykkeltvedt jobbar som bedriftsrådgjevar hjå evoSpor AS og har utvikla programmet og står for det faglege innhaldet.

    Det vil vere dyktige føredragshaldarar og du får tett oppfølging under heile programmet.

    Praktisk informasjon:

    Innovasjon Norge vil bidra til mangfald i næringslivet og dekker store deler av kursavgifta. Du må ha tilhald i Vestland fylke for å delta på kurset, primært i ein distriktskommune.

    Pris for heile programmet er kun ein eigendel på kr 25.000,- inkl. overnatting med heilpensjon. Reise kjem i tillegg.

    Søknadsfrist: Løpande!

    ------------------------

    Alle fysiske arrangement frå Innovasjon Norge følgjer gjeldande retningsliner frå Folkehelseinstituttet.

    Voss

    Scandic Voss

    Eigendel kr 25.000,-

    06 feb 2021

    Kontakt: Ann Elisabeth Tveit

    Vilkår for våre arrangementer: 

    Innovasjon Norge er behandlingsansvarlig for dine personopplysninger. Se vår personvernerklæring

    Deltakerlister fra arrangementer i regi av Innovasjon Norge vil kunne offentliggjøres, og/eller bli distribuert mellom deltakerne. Dersom du har spørsmål rundt dette, ta kontakt med arrangementsansvarlig før påmelding.

    Innovasjon Norge tolererer ikke diskriminering, trakassering og andre former for krenkende/utilbørlig atferd. Krenkende/utilbørlig atferd vil kunne føre til bortvisning fra arrangementet, straffeansvar og/eller erstatningsansvar.

    Vi gjør hva vi kan for å gjennomføre et annonsert arrangement, men avlysninger kan forekomme. Innovasjon Norge er ikke ansvarlig for eventuelle kostnader/tap du eller andre påmeldte måtte bli påført grunnet et avlyst arrangement.