• EN
  • Logg inn
  • Spennande kamp om årets nasjonale bygdeutviklingspris

    Antistoff frå egg, produksjon og foredling av løk eller ein «Inn på tunet» gard? Vinnaren av Innovasjon Norges nasjonale bygdeutviklingspris vert å finna blant desse. Prisen som er på heile 250 000 kroner, vert delt i samband med Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin 16. januar 2014.

    Martha Bjørvik Angedal, Angeldal Gard. Foto: Frode Gudvangen. Øverst til høyre: Ole Egge, Moer gård og Norwegian Antibodies AS. Foto: Innovasjon Norge. Nederst til høyre: Odd Hveem, Balke gård. Fot...

    Martha Bjørvik Angedal, Angeldal Gard. Foto: Frode Gudvangen.
    Øverst til høyre: Ole Egge, Moer gård og Norwegian Antibodies AS. Foto: Innovasjon Norge.
    Nederst til høyre: Odd Hveem, Balke gård. Foto: Arild Kristiansen.

    - Innovasjon Norge konstaterer med glede at det også i år er høgt nivå på så vel nominerte som andre kandidatar», seier Gunn Ovesen, administrerande direktør i Innovasjon Norge, og legg at «det utan tvil er med å oppretthalde det gode omdømmet til bygdeutviklingsprisen».

    Angedal Gard, Førde i Sogn og Fjordane

    Martha Bjørvik Angedal har vore svært målretta heilt frå val av utdanning til sosionom via yrkeserfaring innan omsorg, psykiatri og barnevern, og fram til ho som ung gründer flytta tilbake og etablerte Inn på tunet på heimgarden i Førde. Ein «Inn på tunet» gard tilbyr tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel, og aktiviteten og tenestetilbodet er knytta opp mot garden, livet og arbeidet der. Ei stor utfordring innan denne næringa er å få forutsigbare avtalar. Martha Bjørvik Angedal har gjennom systematisk arbeid, marknadsorientering og å «ha alt på stell» oppnådd eit usedvanleg godt ry og fått avtalar med NAV, psykiatritenesta, skular og barneverntenesta i fleire kommunar.
    Les meir om Angedal Gard

    Balke gård, Østre Toten i Oppland

    Basisen for Balke gård og paret Odd Hveem og Sissel Landaasen er produksjon av  løk. Omfanget har ekspandert kraftig dei siste åra. I tillegg er dei engasjert i fleire selskap innan grøntnæringa, bl.a. Toten Løkpakkeri og Grøntkutteriet som begge er nyskapande og innovative bedrifter innan bearbeiding og foredling. For eksempel har Grøntkutteriet spennande utviklingsprosjekt saman med SINTEF. Balke gård og dei andre selskapa er tilknytta merkeordningane Debio, Nyt Norge, Nøkkelhull og Rød tråd.
    Les meir om Balke Gård

    Moer gård og Norwegian Antibodies AS – Ås i Akershus

    Moer gård er eigd av Ole Egge, og driv stort innan konsumeggproduksjon i tillegg til antistoff-produksjon på høner, kornproduksjon og skogsdrift. Saman med Øystein Larsen og Erling H. Sundrehagen har han etablert Norwegian Antibodies AS. Norwegian Antibodies AS produserer  antistoff frå eggeplommen frå høner. Norsk dyrehelse i verdsklasse er eit viktig konkuransefortrinn. Kundar er bioteknologiske produsentar og forskingsmiljø i EU, USA og Kina, bl.a. antistoff til medisin. Produksjonen skjer på bestilling etter spesifikke krav.
    Les meir om Norwegian Antibodies AS 

     

    Kontaktpersonar:

    Innovasjon Norge:
    Kjell Bruvoll, kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no  mobil 958 58 629. 
    Angedal gard:
    Martha Bjørvik Angedal, mba@angedalgard.no mobil 906 11 341.
    Balke gård:
    Odd Hveem, post@totenlok.no mobil 906 66 003.
    Moer gård og  Norwegian Antibodies AS:
    Ole Egge, ole.egge@antibodies.no mobil 913 94 912.

    Meir informasjon om bygdeutviklingsmidlar