Spennande kamp om årets nasjonale bygdeutviklingspris

Antistoff frå egg, produksjon og foredling av løk eller ein «Inn på tunet» gard? Vinnaren av Innovasjon Norges nasjonale bygdeutviklingspris vert å finna blant desse. Prisen som er på heile 250 000 kroner, vert delt i samband med Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin 16. januar 2014.

/Global/ny.jpg

- Innovasjon Norge konstaterer med glede at det også i år er høgt nivå på så vel nominerte som andre kandidatar, seier Gunn Ovesen, administrerande direktør i Innovasjon Norge, og legg at det utan tvil er med å oppretthalde det gode omdømmet til bygdeutviklingsprisen.

Angedal Gard, Førde i Sogn og Fjordane  Angedal Gard, Førde i Sogn og Fjordane

Martha Bjørvik Angedal har vore svært målretta heilt frå val av utdanning til sosionom via yrkeserfaring innan omsorg, psykiatri og barnevern, og fram til ho som ung gründer flytta tilbake og etablerte Inn på tunet på heimgarden i Førde.

Ein «Inn på tunet» gard tilbyr tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel, og aktiviteten og tenestetilbodet er knytta opp mot garden, livet og arbeidet der.

Ei stor utfordring innan denne næringa er å få forutsigbare avtalar. Martha Bjørvik Angedal har gjennom syste­matisk arbeid, marknadsorientering og å «ha alt på stell» oppnådd eit usedvanleg godt ry og fått avtalar med NAV, psykia­tritenesta, skular og barne­verntenesta i fleire kommunar.

 

Les mer om Angedal Gard

Balke gård, Østre Toten i Oppland Basisen for Balke gård og paret Odd Hveem og Sissel Landaasen er produksjon av  løk. Omfanget har ekspandert kraftig dei siste åra.

I tillegg er dei engasjert i fleire selskap innan grøntnæringa, bl.a. Toten Løkpakkeri og Grøntkutteriet som begge er nyskapande og innovative bedrifter innan bearbeiding og foredling, for eksempel har Grøntkutteriet spennande utviklingsprosjekt saman med SINTEF.

Balke gård og dei andre selskapa er tilknytta merkeordningane Debio, Nyt Norge, Nøkkelhull og Rød tråd.

Heimeside: http://www.totenlok.no

 

Moer gård og Norwegian Antibodies AS – Ås i Akershus Moer gård er eigd av Nils Ole Egge, og driv stort innan konsumeggproduksjon i tillegg til antistoff­produksjon på høner, kornproduksjon og skogsdrift. Saman med Øystein Larsen og Erling H. Sundrehagen har han etablert Norwegian Antibodies AS.

Norwegian Antibodies AS er produserer  antistoff frå eggeplommen frå høner. Norsk dyrehelse i verdsklasse er eit viktig konkuransefortrinn. Kundar er bioteknologiske produsentar og forskingsmiljø i EU, USA og Kina, bl.a. antistoff til medisin. Produksjonen skjer på bestilling etter spesifikke krav.

Heimeside: http://www.antibodies.no/

Vedlagte foto: Norwegian Antibodies AS

Bakgrunnsinformasjon Bygdeutviklingsprisen Bygdeutviklingsprisen vart etablert i 1997 for å synliggjere og vere ei inspirasjonskjelde for vellykka nærings- og forretnings­utvikling i – og i tilknyting til landbruket. Kandidatane vert vurdert etter lønnsemd, sysselsetting, sosial og miljømessig bærekraft og nyskaping eller originalitet.

Det vert kåra ein vinner i kvart fylke. Prisen på 50 000 kroner vert delt ut av fylkeskontora til Innovasjon Norge. Fylkesvinnarane konkurrerer om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Kontaktpersonar: Innovasjon Norge: Kjell Bruvoll, kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no  mobil 958 58 629 Moer gård og  Norwegian Antibodies AS: Nils Ole Egge, ole.egge@antibodies.no mobil 913 94 912 Balke gård: Odd Hveem, post@totenlok.no mobil 906 66 003 Angedal gard: Martha Bjørvik Angedal, mba@angedalgard.no mobil 906 11 341

Tidlegare vinnarar av den nasjonale bygdeutviklingsprisen (LENKER?)

2012       Hillestad Gård, Aust Agder. Feriesenter, smykkeproduksjon og galleri.

2011       Haaheim Gaard, Hordaland. Gardsrestaurant med høg kvalitet på mat og servering, kulturarrangement m.v.

2010       Bakeriet i Lom, Oppland. Handverksbakeri basert på lokale råvarer

2009       Edel Design AS, Hedmark. Design og produksjon (på gardsbruket i Ringsaker) av norsk klesmerke i reine naturmaterialar.

2008       Ingrid Lekve og Jon Karlsen, Hedmark. Allsidig med sauehald, foredling og omsetning av lam, Inn på tunet ”Levande læring”, Grønn trapp m.v.

2007       Lofotlam, Nordland. Merkevareprodukta Lofotlam

2006       Norsk Matraps, Østfold. Matrapsolja Odelia

2005       Den Gyldne Omvei, Nord-Trøndelag. Felles marknadsføring og profilering av "omvegen" som merkevare på ein heilskapleg måte med omsyn til natur, kultur og kvalitet.

2004       Line Bergsund og Trond Andersen, Buskerud. Trening av travhest. Årets travtrenar 2004.

2003       Pruglhei gård, Nordland. Slakteri, matforedling, servering, gardsbutikk

2002       Steindal Gård, Rogaland. Grøn omsorg, bl.a. bu- og arbeistrening for psykiatriske pasientar.

2001       Gangstad Gårdsysteri, Nord-Trøndelag. Produksjon av camembert, muggost, salatost og konfektost som vert selt gjennom gards­butikk og spesialbutikkar i Oslo, Stavanger og Trondheim

2000       Solem Sag ANS, Møre og Romsdal. Utnytting av nordmørsfurua til spesialprodukt. Lafteplank, spesialdimensjonar, villmarkspanel, dekksplank og møbelemne av gråor

1999       Fausko gard og skysstasjon, Buskerud. Gard med økologisk drift og nyrestaurert skysstasjon. Kurs- og konferanse­marknaden med opplevingar og matkultur.

1998       Aron Mat, Troms. Foredling av kjøtt. Seinare deltakar i eksportframstøyt av fenalår til Italia.

1997       Ivar Løne, Hordaland. Foredling av smalahove og serveringsverksemd der kulturoppleving, smalahove og vossaøl er berande element